Pionerarbeid med stemmer

Nynorsk språk har komme under åtak frå regjeringa… Eg støttar bruken av nynorsk i media, og eg støttar den viktige nynorskavisa Dag og Tid. Kanskje treng ikkje Dag og Tid i og for seg handslag frå meg, men det gjer seg generelt med støtte i desse dagar. Og derfor leverte eg, på spørsmål frå avisa, følgjande bokmelding, som sto 30/3-12: Pionerarbeid om kinesisk kvinnepoesi. Det er Harald Bøckman som har omsett dikt frå verdas første diktantologi og vald ut til gjendikting innslag skrivne av kvinner.

Hald fram å lesa Pionerarbeid med stemmer

Din nye, korleis er ho?

"Bittersøt"



Oppover åsen plukker jeg urter
nedover møter jeg min tidligere mann
Knelende spør jeg min tidligere mann
- Din nye, hvordan er hun?
- Min nye er god, tror jeg nok
men den gamle var vakrere enda
Ansikt og uttrykk kan likne mye
men hender er ganske forskjellige
Min nye går inn gjennom porten
min gamle gikk ut rommet bak
Min nye er dyktig med fin-vev
min gamle var grov-vevens mester
Den fine gir én rull om dagen
den grove ga mere enda
Ser du fin-veven mot den grove
kan den ikke liknes med den

Trur du dette diktet er gammalt? Ja, det er det. Diktet er i ei bok som heiter Kvinnestemmer og som kom i 2011. Dette er utvalde og omsette dikt frå “Kinas eldste poesi”, ein antologi som dekkjer tidsrommet heilt frå 1000 år før vår tidsrekning til år 600 e.Kr. (Diktet over finst på side 106.)

Antologien står Harald Bøckman for, det vil seie for gjendikting, for utval, innleiing, kommentarar og etterord. Diktet “Bittersøt” skal vere eit namngjete kjærleikdikt, i følgje ein medfølgjande note. Og årsaka til den store populariteten skal vere den sjeldant ærlege ettertanken som kjem frå ein mann som møter den “han tidlegare har kasta vrak på.