Merk mine ord, åleinemor

Språkåret heiter det, språkåret 2013 er starta. Er det litt mindre konkret enn kvinnene sin røysterett, kanskje; men det kan likevel bli eit godt referansepunkt. Forfattaren Kristin Auestad Danielsen skreiv eit av dei første konseptuelle norske diktbøkene, nemleg Nynorsken i 2007, eit verk som er eit lite språkår i seg sjølv.

Kristin Auestad Danielsen
Foto: Dag Knudsen

Så gav Auestad Danielsen i fjor ut den bråe diktboka Merk mine ord, åleinemor. Når eg fekk denne utgjevinga i hende, kunne eg lese tvers igjennom, enda det er ei alvorleg bok. Årsak: Ei bortimot konseptuell tilnærming til åleinemora sin situasjon. Dette grepet ligg nok nært for forfattaren, som altså har gjort overraskande og god litteratur med liknande grep før. Likevel må eg seie at ikkje berre mange stilartar, men også ei rekkje tema og motiv er aktuelle for dette prosjektet, noko som understreker at åleinemora må bale med motstridande hendingar og tankar.

Hald fram å lesa Merk mine ord, åleinemor

Norsk konseptpoesi?

Poeten Kristin Auestad Danielsen
Foto: Christian Elgvin

Den siste hausten fekk eg hekta meg opp i spelnye diktsamlingar med eit stramt tematisk utgangspunkt – eller med heilt andre godt samlande utgangspunkt. Eg spekulerte særleg på ulike diktbøker med eit «godt konsept»… No for tida blir nok ordet konsept brukt om ei bra utvikla marknadsmessig vinkling. Her meiner eg med konsept (i tråd med den vanlege estetiske bruken av ordet) at boka, som heilskap, verkeleggjer ein kunstnarleg idé. Og for min del er diktsamlingane gjevne ut i haust framleis like gode på nyåret – eller utover vinteren… 

Hald fram å lesa Norsk konseptpoesi?