Bil og mobil

Kjartan Hatløy er ekspert på å skildre fuglar med dikt. Dette syner han også i den siste boka si, Menneskedagar (2018). Men det er andre framstikkande motiv enn fuglar som eg møter her. Diktet på side 12 byrjar slik:

Det er i bilen du verkeleg finst, i lukta av interiør, gjerne nytt
då styrer du meir av verda
då er du menneske
ja, men óg ein akselerert fart som kloden låner deg
bilen ja, iallfall dette, denne avansert forma masse gjev du alle ordrar
(Ö)

Bilkøyring. Meir eller mindre rastlaus bilkøyring blir stadig skildra i første del av den romanen som eg las i romjula, Per Pettersons Menn i min situasjon. (Og eg les ikkje mange romanar, pga veik lesekapasitet. Romanen var da også ei julegåve gjeve meg.) 

Ja, det var ei god bok. Og eg liker nok at bilkøyring er blitt motiv i litteraturen, i dikt og roman. Eg set pris på at dei velbrukte tekniske tinga får sin nye litteratur.

Forresten tek Kjartan Hatløys diktbok også med mobilen. I alle sju dikta før Hatløy kjem til bildiktet på side 12, er poeten så elegant innom mobilen sin. Dette var meir elegant enn tittelen på boka var, og litt er, for meg. 

Poesi for haust-fest

Det er blitt skapte fleire ferske poesifestivalar og “litteraturdagar”. Og dette kjem ikkje berre på heftig sommarstid, men også under den vakre hausten i september. Ikkje berre poesifest i dei store byane, men også ute på bygdene, det har vi sett meir og meir til av. Dessutan kjem like mange folk saman på mindre plassar som i dei største byane i Noreg. Om eit par dagar byrjar poesifesten i Ulvik. Program.

Kjartan Hatløy, som kjem ifrå Sogn, har skrive Kjøkkendikt. Hatløy er ein av mange poetar som gjestar hardangerbygda Ulvik no i slutten av veka. Andre forfattarar som skyt til, er Cecilie Løveid og Erlend O.Nødtvedt frå Bergen, Geir Gulliksen, Ingrid Storholmen, Morten Wintervold, Aina Villanger, Paal Helge Haugen og fleire nordiske namn. 

Diktet kjem (frå Hatløy):

Denne oppvaskkosten


får somme kjørel til å sveve


mot lysegrøn bakgrunn, den blå oppvaskkosten heng på den kvite kroken


kvart kjørel her fekk godt av den eineståande børstespensten


den er heilt still no, og lyder ingen, saknar heller ikkje hender


den berre lyttar til rommet den fyller


dette inntek den, med sin vind av lys[

Ps 23.sep.-12:

Avisa Dag og Tid har denne veka ein tosiders reportasje frå Ulvik Poesifestival. Journalist Ronny Spaans skryt av Erlend O.Nødvedt sitt jublande diktbidrag, og “litterære og musikalske høgdepunkt”, men han kritiserer festivalen som ein lite gjennomtenkt heilskap og saknar spesielt eit grep når det gjeld deltaking av internasjonale poetar.  Dag og Tid slår opp denne sentensen: -DTVEDT VISER OSS VEG UT AV INTIMITETS- OG KVARDAGSTONEN I NORSK LYRIKK.