Kor er litteraturkritikken?

Offeret myrda av NY seriemordar 

Får eg fortelje det som hende? Det følgjande har nyleg hendt oss: Vi skulle ha noko å more oss med, og dermed fekk vi tilbod om å låne ei lydbok med Snømannen, krim av Jo Nesbø. Eg veit godt at dette er ein mykje lesen litteratur, men sjølv kjende eg hittil ikkje Jo Nesbøs bøker. Med lydboka kunne vi følgje med både under bilkøyring og via cd i stova; det blei fort ein del lydbok-skiver. Politiet i Bergen, som ikkje er eit spesielt ukjent politi, blei tematisert; heile soga strekte seg tilbake i tid, relativt opplysande for meg; også sexkjøp blei tematisert i boka. Etterkvart blei det til saman i denne romanen ei lang rekkje mord da, relativt søkte slags ritualmord – neppe seksualmord – i komponert serie. Og eg reagerte negativt på det. Kvifor skriv Nesbø om spesielt ukjende ritualmord framfor å velje sjalusimord eller spennande heilstøpt eller utspekulert vinningskriminalitet, som er ein så rett vanleg og øydeleggjande kriminalitet?

Hald fram å lesa Kor er litteraturkritikken?