
For eit år siden blei eg kontakta av ein journalist som er interessert i lyrikk, for enquete om dikt, eg hugsar ikkje ordrett oppdraget, men ymse forfattarar skulle drive litt sjølvkritikk av sitt siste verk, friviljug. For meg galt det da Eit hus mellom andre (2003), og eg sette i gong med eit svar som eg har enno. Tilfellet ville at avisa fekk for få svar på ønsket sitt til poetane, tykte avisa, så enqueten blei ikkje noko av, slik inntil vidare… Dette blei eg fortalt, og eg tviler ikkje på forklåringa, når eg aldri nokon gong har sett ein enquete med diktsjølvkritikk i akkurat den avisa – eller i andre aviser, for den del.
Hald fram å lesa Sjølvkritikk for eit dikt