Ellen Einan-dag i Hardanger

I samarbeid med Olav H.Hauge-sentret arrangerer Hardanger folkemuseum (Utne) diktardagen 2012 med Ellen Einan som tema, dette er sundag 26.august kl 14.30.

Av programmet: Helge Rykkja les frå Ellen Einan sitt forfattarskap. Konsert med Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne.

Innleiingsvis: Olav H.Hauges dagbokskommentar til – og kontakt med – Ellen Einan.

Bokkafé med heimebakst. Billettpris 200/180/barn gratis.

Blikk over Einans dikt

Denne nettstaden kan merke auka søk på poeten Ellen Einan. Søka har nok samanheng med at hennar samla dikt er utgjeve i fjor. Den nye utgjevinga vil lettare syne kven poeten er, verkar det som. Ein sterk nordnorsk poet som ennå har mykje å gå på (i høve til det store publikum si interesse)… 

For min del skreiv eg om eit møte med Ellen Einan . Her er eit par dikt til:

HADDE ØRNEN EN TONE?




Gråt hunløven?
Den som visste.
Her sitter jeg i kornengen, meget lett synlig
for alle de ville dyr.


Våre blå duggenger tilsatt ullsauvesen nu.


Besynderlig hvor det sprer seg.


Hagemannen sval for tiden.

Einan-diktet er frå debutsamlinga i 1982. Tonen er slentrande om noko vanskeleg. Bruken av nyordet “hagemannen” har eit klårt barnleg element. Eg vel også å sitere eit av dei kortfatta dikta hennar, dette er tatt frå samlinga i 1999, ein fase som stoppar med dei to sist skrivne samlingane (frå 2004 og 2009):

JEG GLEDER FANGEN MED MIN TRANE




Den er min fugl.
Den eier det jeg før eide.
Letthet, brann, dans.

Møte med Ellen Einan

Vi var mange som møtte på Mono i vinter for å høyre og sjå storleikar i poesien som m.a Tomas Transtrømer, Arild Nyquist og Ellen Einan, men Einan blei forhindra av flyproblem frå Lofoten. Men det var fint å få møte Ellen Einan på ÆÅ-festivalen i april. Ikkje minst var det greitt å delta i den felles samtalen med henne som Gunnar Wærness dirigerte i Nordenfjeldske kunstindustrimuseum 18/4. 

Hald fram å lesa Møte med Ellen Einan

Eit sosialrealistisk småstykke

var tittelen på ei soge, som eg sette inn i avisa Klassekampen rett før jul 1983 – med tanke på bokhausten dengong og forsynt med ei anna og personleg rettskriving, slik du ser snart, enn den eg vanlegvis bruker no til dags. Grunnen til at eg trykkjer denne soga opp att, er at eg skriv på noko nytt om Ellen Einan, og at eg vil minne om den vanskelege boksituasjonen for dikt alt så lenge som over tjue år tilbake – for til dels å jamføre med noverande kritiske boksituasjon (nett i dag når det pr mai er gjort ein ny og tvilsam bokavtale for bokmarknaden i Noreg, med staten som pressmiddel og siste skanse på valen).

Hald fram å lesa Eit sosialrealistisk småstykke