Edith Piaf tilbake

Poster av filmen Edith Piaf La vie en rose

Etter fransk målestokk kom Edith Piaf frå artistambisjonar i ein enkel familie, ambisjonar som ho tok med seg frå tidleg alder. Det vil vere eit hardt liv å prøve å overleve i show business, noko filmen om Edith Piaf syner oss. (Filmen blei lansert i februar og hadde ordinær kinopremiére i Noreg 30.mars.) ”There’s no business like show business”. Og det manglar ikkje på dramatisk stoff å låne frå Edith Piafs liv, når ein prøver å fange livet hennar – og songane – inn på spelefilm. Denne nye filmen byggjer både effektivt og overtydande opp for sluttsongen Je ne regrette rien! (”Æ angre ittjnå!”); ein song som da kronar filmforteljinga. Filmen bryt delvis sund verkeleg kronologi for å følgje opp draumane hennar. Men til den internasjonale lanseringa så låner filmen heller den ironiske songtittelen La vie en rose (Kan eg da seie ”Det rosa livet” – eller passar «Livet i rosa» betre?).

Hald fram å lesa Edith Piaf tilbake