Å skifte språk

Opphav til eit nasjonalmål i Noreg

Språkstrid? På ulike nivå held språkstriden fram – . Og kva for målform skal vi velje? Korleis handterte eg det norske språket gjennom rådande vindar? Eg vil ta det kort gjennom ei personleg soge. Som forfattar starta eg på bokmål, som var opplæringsmålet mitt gjennom 1960-åra, med dikt som imiterte, men likevel var både personlege og handskrivne «på trykk» (ikkje handskrivne under):

Hald fram å lesa Å skifte språk

Cornelius Jakhelln dreg til

«Eg elskar anarkistane, dei autonome, dei svartkledde akaiar som vil riva Trojas murar.»

Det er ingen gammal mann som skriv dette under, men ein yngre kar som tar opp eldre tradisjon. Diktet under er henta frå den nye og satsande boka TRISYN av Cornelius Jakhelln (frå side 68, siste bolk):

Hald fram å lesa Cornelius Jakhelln dreg til

Aksepterande og forsonande

Halvard Foynes.
Foto: Jo Michael

Det kan vere teikn på mogne tankar når folk har eit presist sjølvsyn eller vågar å lytte godt til andre sine syn på tilhøva. Ja. Noko av det mest forsonande og aksepterande i norsk lyrikk nett no, det er Halvard Foynes med den nye boka Douglasgrana i Botanisk hage. Eit stykke ute i diktet Uten å etterlate spor – der står dei observerande tre linene:

Lidelsen er visket ut
og jeg er blitt en eldre, gråhåret mann uten framtid,
i strålende humør. (...)
Hald fram å lesa Aksepterande og forsonande

Den yngste

Slik byrjar ei bok: “Min søster har store og sterke lunger, og kan være under vann en hel dag hvis hun vil. Hun får så blå øyne og så lys hud.” Når den vellykka poeten Ingvill Solberg skriv boka den yngste, spelar tittelen på den yngste av søskena, den yngste i ein søskenflokk. Den yngste her er ei jente. Men boka viser mykje til “brørne” og til den ekstra svømmedyktige og spesielt eventyrlystne og svømme-interesserte søstera.

Hald fram å lesa Den yngste

Et øyeblikk noen tusen år

Treng vi å tematisere tidene? Skal vi gjere det? Hege Siri gjer det i den vel-komponerte diktsamlinga et øyeblikk noen tusen år. Ho syner fram heilt nye samiske tema ved å tematisere språket og joiken i diktet Språket:

 mor joiker ikke
 men hun lærer seg språket

 min mors mor joiker ikke
 men hun snakker språket

 min far joiker ikke
 men han snakker norsk

 min fars far joiker ikke
 han synger salmer

 jeg joiker
 men forstår ikke språket

 min datter joiker
 og snakker alle språk

Skal eg prøve meg med eit avsnitt av eit dikt? Jo, eg prøver. Stilla 1981 er eit dikt som byrjar side 45. Her er femte avsnitt av diktet:

 
 vi satt i første rekke
 og så skygger av lovens menn tre fram
 i timen mellom natt og dag

 der vi satt arm i arm i front
 med oss selv som skjold
 og et flagg, som vårt eneste våpen

 de bar oss bort
 men nye kom til
 og tok vår plass
 

Denne Hege Siris diktdebut vil eg foreslå som julegåve, rett og slett; slik eg vil gjere nett det same med ein serie utkomne bøker i haust. Først tenkjer eg på Munib Delaucs Bare storm og solnedgang og Rune Berglund Steens fyldige Pre-Schengensekvens.

Ps 8/12: Her er Hege Siri sin nettstad .

Gabriela Mistral og César Vallejo

Gabriela Mistral 1889–1957

Latinamerika har ei rik kjelde av moderne poetar. Ein av dei utanlandske poetane som blei omsette til norsk i 2007, var Gabriela Mistral, chilenar. Ho fekk ein fortent nobelpris i 1945. Omsetjaren av Gabriela Mistrals «dikt i utval», Tove Bakke, tykkjer i utgangspunktet at dikta hennar er vanskelege å skape om til norsk. Men elles er Mistral lenge kjend over heile Latinamerika som folkeopplysar og forfattar av voggesongar og dikt for born. Ho er bl.a på pengesetlane. Diktutvalet heiter Alle skulle bli dronning. Og her er da vald ut av meg Yo no tengo soledad, som på norsk lyder: Veit ikkje kva einsemd er

Hald fram å lesa Gabriela Mistral og César Vallejo