Poet Odveig Klyve er allsidig og produktiv. Det er eit langt sprang frå den palestinske feminismen i Klyves omsetjing av Forugh Farrokhzad i fjor og til Odveig Klyves eiga skildring av ei gammal mors reise inn i drøymeland, med kjenslene til både mor og dotter, i diktboka Det andre blikket. Dette lange spranget gjeld også måten å skrive på. Eg vel eit dikt ca ein tredjedel inn i den ferske boka:
Eg trykkjer på heisknappen Dørene glir opp til den innestengde lufta av nykokt kaffi og urin Du sit i ein stol med gummihjul og ansiktet ditt lyser når du ser meg Er det deg seier du Og eg ser at du leitar etter namnet mitt at du kjenner meg men namnet er borte Du lyser i glede der du sit med restar av egg på haka
Dette diktet – og mange andre utsnitt i boka – er presist og godt skrivi om noko vanskeleg som mange har røynd. Avslutninga “restar av egg på haka” har å gjere bl.a med at rollene mor/ dotter er blitt bytta om på alle måtar.
Du sleppte og heldt meg fast Du tok farvel og tok meg til fange Du viste meg vegen ut og lokka meg attende Ein fødsel som aldri tok slutt
Boka skildrar ei stor rokkering av kjærleiksroller. Dette er sjølvsagt eit vanskeleg omskifte, som Klyve utfører direkte og utan for mykje unødvendig eller formildande pynt… Odveig Klyve er også barnebokforfattar og filmskapar.
Ps 11/1-07: Det står meldingar av boka på Odveig Klyves webside .
