
Rune Berglund Steen
Foto: Antirasistisk senter
Kvar går den unge lyrikken? Det er litteraturfestivalane som vil kunne greie ut dette. ÆÅ-festivalen i Trondheim har iallfall tatt føre seg debutantane i 2009 og 2010 og vurdert kvaliteten på denne litteraturen. Det er snakk om 19 bøker av poesidebutantar, melder Dag og Tid (6/5-2011). Av desse 19 er 3 kvinner og 16 menn.
Den som uttaler seg frå festivalen til redaktør Svein Gjerdåker, er medlem av kunstnarleg råd i ÆÅ, Martin Ingebrigtsen. Han tykkjer heilskapen i debutantflokken er god, med mange varierte uttrykk. Og dette generelle vil også underteikna (på denne nettstaden) kunne slutte seg til. Eg har lese mange av poesi-debutantane og viser ved lenker i det eg skriv her til omtale av debutantar. Følgjande spissformulerte svar til avisa frå Martin Ingebretsen ønsker eg å kommentere (med atterhald for at avisa ikkje har mistydd representanten frå ÆÅ):
”Nokre skriv tilsynelatande sjølvutleverande. For tida gjeld det å utfordra grensene mellom det private og det personlege, at ein freistar å formidla seg sjølv. Du finn ingen tydelege politiske dikt. Eg ville vorte overraska om nokon debuterte med politiske dikt i dag.
Dette svaret undrar meg stort. Vi var i 2009: Poesidebutanten Hege Siri – som ÆÅ-festivalen roser for god kvalitet – hadde til dømes dette politiske diktet til forsvar for samisk tradisjon, gjennom å skildre poengtert eit tilsynelatande kaos, kanskje ein politikk:
mor joiker ikke men hun lærer seg språket min mors mor joiker ikke men hun snakker språket min far joiker ikke men han snakker norsk min fars far joiker ikke han synger salmer jeg joiker men forstår ikke språket min datter joiker og snakker alle språk
Døm sjølv. Og eg har skrive om Hege Siri bl.a. her . Poesidebutanten Rune Berglund Steen tar konkret opp forklårte paragrafar i det europeiske Schengen-samarbeidet, via ei sterk kjærleikssoge mellom ei afrikansk kvinne og ein nordmann. Vi skriv 2009.
Diskusjonen varer ved omkring Schengen, Schengen-systemet som står som ein mur imot den store omverda utanom EU og EØS, men likevel har fri flyt både for kriminalitet (eit tema frå Senterpartiet no) og for sosialhjelp (eit tema frå Framstegspartiet no). Dette er politisk som noko. Rune Berglund Steen er dessutan ein kjend aktivtist utanfor poesien, levande opptatt av flyktningearbeid og antirasistisk arbeid..
Poesidebutanten Paal Bjelke Andersen gav ut Dugnad i 2010. Alt med rammeteksten i botnlina tematiserer Bjelke Andersen Afghanistankrigen, som er noko av det mest politiske som verda gjennom ei rekkje år fram til no, har hatt, og vil også bli det framover. Han integrerer spørsmålet om krigen i fleire av avdelingane i boka. Eg trur Martin Ingebretsen må ha oversett at Paal Bjelke Andersen er ein av debutantane.
Damene er som sagt tre, berre tre for heile årskulla i 2009 og 2010. Det er nemnde Hege Siri, det er Ingvill Solberg, og det er Victoria Durnak . Om desse tre, og om det tilhøvet at berre tre av dei nitten debutantane er kvinner, seier Martin Ingebrigtsen følgjande:
”(…) Det verkar som det er vanskelegare for kvinner enn menn å verta utgjevne. Kvifor veit eg ikkje, for kvaliteten på dei tre kvinnene på lista er jamt over høgre enn kvaliteten på dei seksten mannlege debutantane.”
Det verkar slik også for meg. Og eg er heilt samd med festivalen i at kvaliteten på dei tre kvinnene sin poesi som smatt gjennom nålauget, er over gjennomsnittstandarden på poesidebutantane.
Konklusjon
Da er vi altså samde om to ting, nemleg om at heilskapen i debutantpoesien er god, og om at dei fåtallige kvinnelege poesidebutantane i 2009 og 2010 ligg høgt i landskapet…. Derimot er eg usamd med Martin Ingebretsen (ÆØ) i at dei politiske dikta er heilt fråverande hos poesidebutantane. Eg er svært usamd og skuffa.