Metode for politisk roman

Armand V av Dag Solstad | © New Directions

2006. Nettstaden har begynt på nytt år, liksom mangt anna har begynt på nytt år. Rundt denne tida plar ein kvar gong å summere opp hendingar og tendensar i det som har vori. For meg er det fleire saker i fjor som eg kunne stoppe opp ved no og streke under. I fjor hadde eg ein mindre kommentar til usemja om Dag Solstads roman var ein politisk roman:

Hald fram å lesa Metode for politisk roman

Pulsen på kunsten og litteraturen, del 2

(denne følgjer etter Pulsen på kunsten og litteraturen, del 1)

Vi er vane med ulike sprang og retningar i kunsten og litteraturen. Det finst alltid fleire tendensar både i kunsten og litteraturen. Men kva er sjølve hovudtendensen, eller pulsen, dei siste ti åra i Norden? Er det ei ny vending i kunstestetikken til diverse som er utanfor kunstverket? Eivind Røssaak meiner at ”selviakttakelse” kan eller må vere denne viktige tendensen å forstå, og han seier i innleiinga til boka si (juni, 2005): ”Det som kalles selvet og virkeligheten, sees på som ressurser for kunsten.” Ei spissformulering blir det for meg når Røssaak gjev boka den tittelen ho har fått og ikkje heller den breiare formuleringa: 
”Selviakttakelse og virkelighet – en tendens i kunst og litteratur.” 

Hald fram å lesa Pulsen på kunsten og litteraturen, del 2

Min skam?

Dag Solstad. Foto: Oktober forlag

I april underviste eg forfattarstudentane på Bø i essay-sjangeren, og der sitjande roleg og pent i det hestesko-forma auditoriet skreiv eg det følgjande essayet, eg gjorde det for å gå føre og svare også sjølv på ei oppgåve som alle studentane hadde fått av meg og av den dåverande faste læraren, Eivind Røssaak. Utgangspunktet for meg og mi skriving var, forutan å ta opp «skam», å analysere skamma rundt akkurat det diktet mitt som mange kan: Det er ikke noe i veien med ørene mine. Her kjem forsøket mitt:

Hald fram å lesa Min skam?