Oslo poesifestival

Oslo internasjonale poesifestival startar opp i morgon med tematiske vinklingar og til dels andre utøvarar enn dei andre festivalane. Her er programmet for fredag, laurdag og søndag .

Ps 15/10-12 etter Oslo:

Festival-Noreg slo til med nok ein lyrikkfestival. Poeten Ito Hiromi var på festivalen og blei bra omtalt og intervjua av Klassekampen laurdag 13/10-12. Ho finst gjendikta av Ingrid Kaminka, med nokså lange dikt, i det store suksess-verket Verden finnes ikke på kartet frå 2010. Diktet “Coyote” byrjar slik: 

Mormor var medium, 
mamma magiker,
en tante var geisha,
én tuberkuløs,
en annen ufruktbar.
De var vidunderlig vakre, alle som en.
Ifølge mammas trylleformel må du alltid ha
sake, ris og salt
og du skal frykte slanger, vann og det som er i øst.


(...)

Dette er bra, og ein gler seg til å lese vidare. Gjer det! gå til Verden finnes ikke på kartet… Kva minner alt det indirekte i byrjinga av diktet over meg om? Mest av alt minner dei ni diktlinene meg om opnings-setningane på jazzsongarinna Billie Holiday sin biografi Lady Sings The Blues