Ligg bøkene trygge?

Det er ikkje altfor ofte at ein høyrer poesi bli lese på årsmøtet til Den norske Forfattarforeining. Men da Lina Undrum Mariussen tok imot Tarjei Vesaas sin debutantpris på årsmøtet sist helg, las prisvinnaren dikt frå boka .

Og alt før, under bolken om boksal, så las ein av dei innbedne til diskusjonen, ein bokhandlar i Norli Libris, eit dikt utgjeve 2002 av Jon Hjørnevik. Diktet går slik:

Inne i ein bokhandel
ligg eg - ei bok i frykt,
eg er ei samling dikt
som ikkje har det trygt.


Eg føler meg så utrygg
mellom bøker, tonn på tonn,
frå ekle "Ord om lykke"
til svære leksikon.


Eg er ei bok i redsle, 
gøymt inne i ein krok,
bak ein diger dunge
med Kjærstads nye bok.


Eg ropar til ein kunde:
"Kom og redd meg no!"
Folk kjem bort og blar ei stund,
og vel ut Erlend Loe.


Men alt går vel til slutt,
ein kunde gjer meg stolt,
han legg meg inntil Ari Behn,
og oppå Anne Holt.

Slik er stilen til Hjørnevik. Blei du interessert i forfattaren, kan du få ein omtale av den nyaste boka, Flukta frå rekkehuset