Bil og mobil

Kjartan Hatløy er ekspert på å skildre fuglar med dikt. Dette syner han også i den siste boka si, Menneskedagar (2018). Men det er andre framstikkande motiv enn fuglar som eg møter her. Diktet på side 12 byrjar slik:

Det er i bilen du verkeleg finst, i lukta av interiør, gjerne nytt
då styrer du meir av verda
då er du menneske
ja, men óg ein akselerert fart som kloden låner deg
bilen ja, iallfall dette, denne avansert forma masse gjev du alle ordrar
(Ö)

Bilkøyring. Meir eller mindre rastlaus bilkøyring blir stadig skildra i første del av den romanen som eg las i romjula, Per Pettersons Menn i min situasjon. (Og eg les ikkje mange romanar, pga veik lesekapasitet. Romanen var da også ei julegåve gjeve meg.) 

Ja, det var ei god bok. Og eg liker nok at bilkøyring er blitt motiv i litteraturen, i dikt og roman. Eg set pris på at dei velbrukte tekniske tinga får sin nye litteratur.

Forresten tek Kjartan Hatløys diktbok også med mobilen. I alle sju dikta før Hatløy kjem til bildiktet på side 12, er poeten så elegant innom mobilen sin. Dette var meir elegant enn tittelen på boka var, og litt er, for meg.