Ver rein, ikkje skiten! er kravet?

Kvinnekampen i Noreg hadde sin avantgarde som ikkje minst sørga for ei almenn røysterett i landet, for hundre år sidan var dette ein gigantisk siger. Ein avantgardisme tenkt for det breie folket, kunne ein leggje til. Merk: Alle er ikkje like, like er dei aldri, og få vil vel nekte for at kvinnekampen hadde sine sjølvstendige og særmerkte personlegdomar…

Føregangskvinner og -menn, kan ein seie. Korleis går det føre seg i kunst og litteratur og musikk med avantgarden?

Hald fram å lesa Ver rein, ikkje skiten! er kravet?

Spørsmål frå redaksjonen til ein avantgardist

Avisfoto frå KV
  • [Om denne publiserte artikkelen: Frå starten av var teksten eit tinga innlegg som eg heldt på seminar om norsk avantgarde; eg svarte på spørsmålet frå Per Bäckstrøm om kvar eg fekk impulsar frå til diktboka mi BOK (1966). Innlegget mitt blei deretter trykt i det omfattande verket Norsk avantgarde, på Novus 2011. Verket er redigert av Per Bäckström og Bodil Børset. På nettstaden bruker eg det meste frå innlegget i Norsk avantgarde. HR]
Hald fram å lesa Spørsmål frå redaksjonen til ein avantgardist

Jan Erik Vold som avantgardist

Jan Erik Vold. Foto henta fra NRK.no

Forskinga på poeten Jan Erik Vold er aukande. Jubileumsbok nr 2 om Jan Erik Vold (passert 70) er også gjeve ut. Redaktørar er Ole Karlsen og Thorstein Norheim. Boka har fått tittelen “Volds linjer”. (Forlag er: Unipub.) Den første jubileumsboka var Varmestafetten (redaktør var Bendik Wold). Vi kjem tilbake til innhaldet i Volds linjer. Her publiserer eg på nettet min eigen artikkel frå boka. Eg ser over Jan Erik Vold som avantgardist. (Ti år tidlegare, da Jan Erik Vold var tema på Flisa-festival, medverka eg med ein analyse som legg større vekt på at Vold sine 1960-talsbøker er versjonar som han jobba med parallelt, sidan eg kjende han i samband med Kommet forlag hausten 1966 .)

Hald fram å lesa Jan Erik Vold som avantgardist