J.M.Sejersted og E.Vassenden har gjeve ut ein ny type lyrikkantologi. Her er plassert 101 sentrale – og kanoniske – norske dikt med ca 1 + 1/2 side med litterær kommentar til kvart dikt. Denne boka har dei da kalt Lyrikkhåndboken (101 dikt og tolkninger). Det nest siste diktet i den kronologiske rekkja av dikt er Gro Dahles enkle frå Hundre tusen timer(1996):
Vi ser stadig nokon ta oppgjer med uforstand og «snobberi» og komme med nye forslag om diktet sin plass. Ein instans innan Norsk kulturråd (innan det rådet som løyver statleg støtte til litteraturen) har nyleg tenkt høgt og kritisk… Vel. Rimdikt-tradisjonar har nyleg blitt etterlyst som ein publikumsvennleg sjanger, iallfall av Knut Buen og bokmeldar Eirik Lodén. Midt på 1980-talet låg det i den aktive Karin Moe sin uttalte «postmodernisme» å oppvurdere og sidestille ulike sjangrar i kunst og kulturliv. Men slik ho gjorde det og lykkast med i prosaen sin, nådde ho ikkje heilt fram i lyrikken hos seg sjølv (eller hos andre poetar). La oss no undersøke rimdikt som ei mogleg farbar lyrikkfil tett ved sida av andre utfordrande diktsjangrar. Første atter-hald for meg og deg: Det er ikkje nok at det rimer og rytmen glir – .
Dikt som teater Dikt som teater finst. Eg har sjølv, som ein ikkje...
Nettstaden bruker informasjonskapslar (cookies) for å sikre at du gis den beste opplevinga på heimesiden. Dersom du fortsetjer å bruke denne nettstaden, antas det at du er nøgd med det.Okpersonvernerklæring