Poesi og Alabama

I dag fyller Pete Seeger 92 år. Han er kjend for songar som “Where Have All the Flowers Gone” og “If I had a Hammer” og “We shall overcome”. Det er ikkje lenge sidan eg høyrde at han var aktiv.

*

Nettstaden Poesiportalen er ute med ei melding av Helge Torvunds nye diktbok Alabama?. Eirik Boye (som kallar seg poesibloggar) er entusiastisk.

Ps 23. mai:

No når eg sit med Alabama, får eg lyst til å sitere eit dikt som har ein ikkje for vanleg vinkel i litteraturen. For! Barn sine litterære arbeid om ein far, dette er ting som vi kjenner godt til. Men kva med ein mogen far sine tematiske vitjingar til eigne vaksne born? Helge Torvund gjer dette i boka Alabama?… Eg veit sjølv – om ikkje frå den skrivne litteraturen – at Torvund har mange døtre; likevel lener han seg godt tilbake i diktet BRÅTT FRAMME og slappar av: 

På lokaltoget til Egersund med ei av døtrene mine 
som skal vidare med Oslotoget til Tigerstaden
Lyset frå snøknausane utanfor blitsar forbi


Innelukka i fart og ei merkeleg stille 
for me fram langs strå og vatn med kvarandre
Eg tenker på all sut og otte ein har


for slike menneskeminiatyrar som småbarn er
Alt eg har passa på og tenkt og håpa og
sett for meg kunne koma mot oss frå framtida


Eg ser meg om i toget Ser på dei andre Vaksne Barn
Ein schæfer Lyset frå snøen og lampene i taket
Og brått slår det inn i meg med uventa kraft:


Alle liv er fullkomne kvar augneblink Kvart nå
Det finst ingenting å venta på

Når eg no, få månader etter, tenkjer på boka Alabama, kjem eg i hug at Helge Torvund brukte Twitter for å komme ut med dikta sine og også lykkast med det, ifølgje Klassekampen.