Sølvbåt og stjernevind

 
Først kjem det dråpar


Først kjem det dråpar
 
Det er regnet,
 
regn på sjøen, regn på handa
 
Dråpane blir borte
 

Så kjem det fuglar. Så kjem det insekt
 
Så kjem ei sol. Så kjem bølgjer
 

Så kjem krabbar i sjøen. Så kjem det flyndrer på botnen
 
og svaner rundt siv
 
Så kjem far og tar meg med
 
til teppet