Formalisten

Prosa
Utgitt av Arbeidern, 1984

Dette er mi tenkjebok som det er skrivi (og sagt) lite om. No kan du iallfall lese utdrag her. Sjølv ser eg ein samanheng mellom denne boka og dei fleste andre bøkene som eg har forfatta, og som alle er meir omtalte enn denne. Formalisten har no tjueårsjubileum og forsvarer ein plass i mitt eige bilete, som ei bok eg måtte skrive og skreiv lett. Utanom utdraga her, som alle er prosa og absolutt meint å vere prosa, inneheld boka innskotne dikt i teksten, særleg i opninga side 13-15, og dertil side 19 og side 53. Med denne boka helsar eg frå, og spesielt til, miljøet (som var) rundt Arbeidern forlag. Og dette kosta meg den gongen mitt gode tilhøve til Forlaget Oktober, forlaget som eg da var på, og mitt gode tilhøve til andre litterære miljø tidleg på 80-talet gjekk nok også fløyten, da slagordet var eit brått og bastant KVALITET. (Men kva for kvalitet?) I dei par gode åra med arbeid rett før Formalisten i 1984 hadde eg skrivi ferdig Draken i solbærbuskane og Blokka Ungeberget.

Det er fåfengt å skrive mykje sjølv om slike bøker som Formalisten, og du får vanskeleg tak i Formalisten, særleg vanskeleg i butikkar, men også i bibliotek. Iallfall ser du nokre utdrag på nettstaden her. Får eg ta tida til hjelp, skal eg leggje ut fleire utdrag. 

Eg gir deg kanalen for å kjøpe boka på, sjå her .