Første oversikt. Noko om gjort og skjedd.
Ein presentasjon av meg må vere slik: Eg er fødd på Mysen i 1943, og, etter eit til tider omflakkande liv, slo eg meg ned med småbarnsfamilie i 1974 i Kragerø, der eg har budd sidan og jobba på Kragerø ungdomsskole som lærar, sjølv om sivilstatus har skifta undervegs. Eg er ikkje flink til mykje, sjølv om eg har prøvd meg på mykje og framleis prøver ulikt. Slik eg opplevde meg sjølv, var det å skrive dikt det aller første som eg fekk skikkeleg til. Eit dikt av meg blei likevel sitert som dikt-åtvaring på Stortinget i 1968. Dette førte til at heile opplaget på 3000 av Poesi på Pax Forlag blei seld ut, trur det var heile opplaget. Sjølv har eg prøvd på å kombinere dikt med jazz, dikt med franske visetoner, dikt med poptone, med fjernsyn, med film og med dans/ el magedans utan musikk men med ord. Og eg har prøvd å plassere ulike typer dikt i alle høgtidelege og kvardagslege samanhengar; dette er eit langt, og eg kallar det utopisk, prosjekt.
Å jobbe med fjortenåringar i skoleverket er å følgje ein maksimalt skapande alder og derfor interessant for meg som poet og utopist. Som person er eg nemleg utopist, og ikkje i ei altfor negativ tydning av ordet, håper eg. “Eg er ein mellomting.” (Saksa frå nest nyaste bok Eit hus mellom andre.) Varige interesser for meg er vitskap og politikk. Eg blei vald i kommunestyret for RV, seinare Raudt, fleire gonger, og eg blei vald som nestleiar i bygningsrådet i den ekspensive hyttekommunen Kragerø. “Det halve kongeriket vinn vi ikkje ved kommunevalet”. Ulike stipend har sett meg i stand til å halde fram med forfattarskapen, som eg ikkje tviler på men ønsker å forsere fram… Samtidig med (eit slags) kunstnarliv har eg ein ambisjon om å klare meg i det praktiske liv, hittil har det gått å klare seg, hittil har det gått utan dei største vanskane med hus og heim.
Slekta rommer ei grein av målfolk og folkehøgskolefolk, derav den norske, og trøndske, forma på namnet mitt, frå bygda Skatval. Eg er påverka av folkeopplysningstradisjonen og av avantgardismen i 1960-åra (da eg skreiv mine to første bøker). Lenge, 33 år, underviste eg i musikk og norsk (nordisk) og samfunnsfag med historie. Eg har skrivi ei hovudoppgåve i eit friår (1979) frå jobben som lærar: “Tofi-debatten og norsk verslære”.
Dette sistnemnde arbeidet grip eg tilbake til no, sidan utviklinga her i landet (ulikt t.d i Danmark) har stått altfor stille på versteori-fronten, heilt fram til at mange litteratar no ønsker, og somme litteratar no prøver, å oppvurdere songlyrikken dei siste 35-55 åra. (August 2004.)
Ps 17/7 2011: Torstein Finnbakk minte meg på det som eg skreiv i det siste avsnittet. Men lite er skjedd av nytt på lesediktområdet, iallfall av nyproduserte metriske vers fagleg gjort, det eg har observert. Sjølv har eg da skrive om Inger Christensen (november 2004) og Helge Stangnes (2006) i artikkelform.