Filosofi, sa du. Ein syklus

Aphididae (utdrag) +



Etter dette
skifta eg ham
og kom i omskaping
Eg kraup under
den nedste fjøla
der maur var opptatt
med å følgje ein sti
Mauren sto over. Eg
kjende at andre kryp 
var kongar. Dei
kunne sjå på meg
og puste, stire
Eit sekund var nok
Maurane var krigarar
med brynjer og
tørrskodd sti

Så lågt sto eg
bladlus som maur
heldt seg med,
Aphididae

(…) 




Alt er liding, seier du


Greit det – du er ein gud. Alt er liding, seier du.
Kan hende det.
Men alt er glede også. Perlande, trillande latter. Vi skal
døy snart, om ikkje lenge, men vi skal sannelig også leve.
Alt er varme og hender. Og eit under.
Kan alt vere liding?