Står eit arbeidande menneske der i skjørt og tenker på om lykka er henne?
Ser du navlen? Er han for deg? Legg hovudet der. Og set kneet dit, er du snill. Vend deg slik.
Ho tenner ein sigar. Still på rekke, la oss sjå på dykk.
Opson hadde ikkje lyst. Minst av alt på rekke.
Motstykket er viktig. Hurra! Motstykket sit og ventar på deg. Eller det slenger seg nedetter gata.
Ei lang rekke etter kvart. Inn gjennom alle hus og ut på graset. Festkledde, oppstasa, eller tynnkledde, solbrente, med spade i handa. Håret greidd, smykke. Korleis kan alt dette bli eit motstykke?