Eit hus mellom andre

 
Melding frå ein teknikkar

I norsk hadde han ei søt mørk og sminka lærarinne
som prøvde å få Levanger-klassen til å leggje trykk
på fon i telefon, men ingen lærte det
Mora hans, som var frå Bergen og Hokksund,
syntest nok at sønene sitt trøndske tungemål
var enkelt og plumpt

Mora bad dei om ikkje å banne,
fordi ho meinte slikt retta seg mot henne
Såleis var det berre

Mellom synonym for ditt og datt
var det godt å seie faen
Obstfelder tok jo faen i penna,
det kunne han fordi han var teknikar
og hadde å gjere med jarn,
han spelte fele, var sosialist og ante uråd
 

Quiz:

  • Kven var Obstfelder?
  • Kor er Skagen (dikt nr 3)?
  • Når var Koreakrigen (dikt nr 7)?
    Svar er lenger ned.

Svar:

  • Sigbjørn Obstfelder, 1866-1900, norsk forfattar, første norske symbolist.
  • Skagen er kommune i Danmark, nordlegast på Nordjylland amt.
  • Korea-krigen var 1950-53 (USA og folkerepublikken Kina var involverte med begge beina.)