Draken i solbærbuskane

Hol mage

Fødte – skapte – laga
Eg laga eit barn i din hole mage.
Klappe, klappe.
Veit ikkje kva som hender –

Visste eg korleis
ein skulle elske?
Var jo det eg ikkje kunne.
Kven hadde lært meg? Og var eg lærenem?
Inkje forkynt av far ell brør.
Torde kje av kameraten som kunne litt.
Alt godt laut eg
lære gjennom prøving.