Draken i solbærbuskane

Løkta te ei jente

Du ventegut som sto og sto
og venta nedmed vegen,

– – var så god,
du lo og lo
om jenta var alt dregen.

Du ventegut som gjekk og gjekk
og venta oppi heia,

– – såg ein flekk,
ein bergesprekk –
så vandt å finne leia.

Du ventegut som ventar enn
på løkta te ei jente,

– – ventar, men
held opp om senn,
det er kje hjelp å hente.


(Dette diktet skulle stått tidlegare mellom utdraga)