Denne kjærligheten

Somme linjer er veldig godt kjende, og det spelar ingen rolle om språket er gammalt, eller om orda er dialekt. Wikipedia fortel:

O my Luve's like a red, red rose
Thatís newly sprung in June;
O my Luve's like the melodie
Thatís sweetly play'd in tune.


As fair art thou, my bonnie lass,
So deep in luve am I:
And I will luve thee still, my dear,
Till aí the seas gang dry:


Till aí the seas gang dry, my dear,
And the rocks melt wií the sun:
I will luve thee still, my dear,
While the sands oí life shall run.


And fare thee weel, my only Luve
And fare thee weel, a while!
And I will come again, my Luve,
Thoí it were ten thousand mile.

Eit stykke mot nord er denne kjærleiken viktig i juni, slik som over hos Robert Burns, den skotske diktaren, og kanskje ikkje berre i juni, men alt no i mars. Kjærleiksvisa over av Robert Burns inspirerte Evert Taube på Bohuslänskysten til “ei fri tolking…med same emne”: Min älskling, du är som en ros, en nyutsprungen, skär, ja, som den ljuvaste musik, min älskade, du är!

Og denne versjonen blei framført på fleire fullstappa framsyngingar av Evert Taubes viser lokalt i Kragerø, gjort av Kolbjørn Martinsen med familie og musikarar no nyleg. Dei skal endatil ha ein ekstrakonsert denne veka. Og no er det, som sagt, blitt månaden mars.

Desse aktstykka får bli overgang til Johan Grip si ferskaste diktsamling Denne kjærligheten, som er relativt mjuk i høve til temaet, til dømes i diktet “Stevnemøte med kjærligheten”:

Kjæresten din
har de peneste øynene


det flotteste håret
det søteste smilet


Kjæresten din
har snakket til deg


med enkle ord
nå har hun slått opp


et vindu


for kjærligheten
er i vinden


der oppe, i luften
skal de treffes

Nabovarsel

Uttrykket nabovarsel er henta frå plan- og bygningslova, men er blitt eit kjent omgrep i det moderne norske samfunnet, med pengar mellom folk og stadig påbygging på dei vanlege husværa. 

Iallfall har gruppa Drangedal bortforklaring  brukt uttrykket som tittel på sitt nye sommarshow. I dette showet prøver Tom Jackie Haugen å tøye sjangeren kabaret (bl.a fin musikk) i retning av “stand up”, på det større lokalet Hellesundbygget (Vi er i Kragerø no). Dette medan Steen-Vidar Larsen framleis står for den greske musikken. Den følgjande tittel-teksten heller imot å vidareutvikle kabaretforma deira delvis med satire:

Nabovarsel 
(Tom Jackie Haugen)




ein sommer eg hadde tenkt å sove 
fikk nabo¥n lånt seg blandemaskin
frå St.Hans omtrent sto den å elta
2 kulesteiner bak hekken min
kjærringa hans virker te å være
konstant premenstruell
hvis ho ikkje har nokke konkret og skjelle for akkurat
ja så skjeller ho allikevel
de har fleire kull med grinute unger
som detter og slår seg på bare trass
pluss at ho har ein kriminell ein frå før 
som har berbart stereoanlegg med ekstra bass
de har overnervøs alarmsirene ute
som uler mot fullmånen i ny og neí
åsså har de satsa ein del på barnesikring
men ungane kommer seg som regel inn for det


de har ein vaggel kaklans rasehøns 
og ein rasans hane med ødelagt biologisk ur
som i tillegg te at den er døgnvill 
hørst ut som den utsettas for tortur
for å pønte opp har de bilvrak i tunet 
som han står og vinkelsliper på sjøl
åsså skyter de i vilska med luftbørse
for å prøve å knøse tomflasker med øl
i helgene feirer de skikkelig
og skjemmer seg ut i det fri
fyllegrøl runger i sommernatta
når de har nachspiel på trampolina si
ho roper på skikkelig mannfolk
og er berykta i bygd å by
han veit av erfaring at i måråsola
vil ho anten sprekke eller spy


på sønda´n henter de seg inníigjen
med plenkløpping og sjalusi
uten unntak ender det med at ho høglytt
truger han med politi
då svarer han med å startíopp 
den forsvunnene motorsaga mi
og det har forundra meg meir en ein gång
hå fri eksos kan bli
ikkje for å være vanskelig 
men tålmodigheten min får ein knekk
når naboín får det for seg at han skal
hamre flatt et tak med bøljeblekk
når høsten endelig senker seg 
og det blir tid for litt stille kos
står den mørkeredde dritbikkja deiers
ute om natta med kronisk los


eg har investert i ein nyttig hobby
som heiter Stiga Kompostkvenn
der kan eg stu nedi omtrent hå som helst
og ja det bliríkje til å kjenne igjen
kattepiss-katta te naboín f.eks 
det er utrulig hå de har leita etter den

Mykje publikumsreaksjon blei det på dette. Utviklinga hos Drangedal bortforklaring går mot stadig større interaksjon mellom lita gruppe og publikum, taktfast klapping, allsong etc. Tom Jackie Haugen si “timing” i praten er formidabel.

Den samiske nasjonalsongen

I dag heiste eg flagget på verandaen, ikkje det samiske riktignok, men det norske, og meininga var god. Eg såg at dei flagga med det norske flagget på Kragerø vidaregåande skole like i nærleiken. Det er samisk nasjonaldag i dag. No siterer eg

Samisk nasjonalsang 
(Oversatt frå samisk til norsk av Jacob Børretzen.)



Langt mot nord under Karlsvognen 
sakte stiger Samelandet:
Vidde seg bak vidde strekker,
sjø ved sjø hvor øyet rekker.
Lier, åser, snaue rabber
hever seg mot himmelbrynet.
Elver bruser, skoger suser,
stålgrå, steile fjell-nes skyter
mot det ville hav seg ut.


Vintertid med storm og kulde,
snefokk uten mål og måte.
Sameslekten dog av hjertet
henger med sitt hjem og yrke.
For en vandrer månen skinner,
nordlys flimrer, stjerner tindrer.
Reingrynt høres mellom krattet,
sus og brus fra sjø og slette,
pulkestøy langs vintervei.


Og når sommersolen gyller
fjell og skoger, hav og strender,
fiskere i gullglans gynger,
gynger stilt på hav og innsjø.
Gyllent glinser svømmefugler
og som sølv de store elver.
Staker glimter, årer glitrer,
Folket under sang det farer
gjennom stiller, stryk og foss.


Samelandets ætt og stamme
utholdt har og tålt så mange
herjingstokter, bannskaps-handler,
frekke falske skattefuter.
Hill deg, seige samestamme!
Hill deg, fredens rot og flamme!
Aldri er der kamper kjempet,
aldri broder-blod har runnet 
i den stille sameslekt.


Våre fedre før har seiret
over dem som urett øvet.
La oss også motstå, brødre,
dem som vil oss underkue!
Solens sønners seige avkom!
Aldri skal du overvinnes
om ditt gyldne språk du vokter,
husker dine fedres tale:
Sameland for samene

Slik. Versforma er inspirert av gammel endrimsfri poesi, men dertil er det i staden fullt av bokstavrim… Rytmen da? Startar ikkje heilt ulikt rytmen i nasjonalsongen Ja, vi elsker dette landet. Historie og natur, ja. Mykje natur ja; slik det rimeleg er å tenkje seg i denne nasjonalsongen. Ikkje så mykje sterke fargar i strofene, men lys og skinn og glimt, glans og glins og tindring.

Kenneth Goldsmith sin “skoletime”

var prega av ein mann med rik røynsle framfor forsamlingar, og han var ikkje redd for å bruke dei store eller uventa orda. Når han sat og følgde manus, skotta han heile tida opp, med kvikk guteaktig mine. Kva sa han så til festivalen? Han refererte m.a dei to heilt sentrale avsnitta over, som eg drog fram frå Audiatur-katalogen. Pluss:

1) Han presenterte ein definisjon av «collage», den noterte eg: Collage er to smakar ført saman av ein tredje smak. Om det er hans eigen definisjon, er det skarpt sett, og (han) treng ros.
2) Han formulerte «thinkership» framfor «readership» i litteraturen. Og da stilte eg meg straks spørsmålet om han ikkje sette noko anna framfor også «thinkership»?
3) Han gjentok ein argumentasjon om at vi ikkje treng meir tekst, at vi flyt over av tekst og derfor har nok av dette. Derav uttrykket som han står for: noncreative writing (=iallfall eit godt humoristisk slagord). Men Goldsmith skriv da sjølv verk som er nokså kreative, skulle eg meine? Til dømes den teksten hans som inneheld alt han sjølv sa i ei heil lang veke, eller så, tatt opp med påmontert mikrofon. Her ser vi elles eit døme på bruk av moderne teknologi… Og likevel har eg vel ofte inntrykk av at mange spennande poetar ikkje ser godt den tradisjonen som dei står på med ein fot i. Det dei trur er nytt, heilt nytt, er ikkje fullt  nytt, medan det nyaste hos dei nok ikkje alltid blir sett og formulert.

Etter Kenneth Goldsmith kom Derek Beaulieu med meir atterhald til poesiretninga. Om seg sjølv sa han: «Sometimes konseptuell, mostly concrete poetry». Og i paneldebatten som følgde, hadde både Ulf Karl Olov Nilsson, Monica Aasprong og Gitte Broeng ei meir søkande og fleirtydig innstilling enn leiaren for konseptpoesien bruker å halde fram. Gitte Broeng la vekt på – først og fremst – eit konseptuelt rammeverk… Nilsson hevda at den biografiske lesinga alltid er der. Gitte Broeng ville ikkje gje slepp på «det poetiske auget», noko som straks førte til ein debatt i salen denne kvelden. And that concludes the votes from the Norwegian jury. Ha ein fin kveld.

Eg høyrde på Kenneth Goldsmith

og kanadiske Derek Beaulieu og den etterfølgjande paneldebatten, det gjorde eg fordi Ottar Ormstad kontakta meg. Det kjem seinare nokre kommentarar frå meg til desse tre etterfølgjande evenementa under poesifestivalen, og eg er framleis i Oslo.

Konseptpoeten Kenneth Goldsmith

No er Kenneth Goldsmith i Noreg, han skal snakke på poesifestivalen i Oslo i morgon .

I Audiatur sin store katalog for 2007 seier han dette definerande om «konseptuell poetikk»: 

Konseptuell skriving, eller ikke-kreativ skriving, er en poetikk for vår tid, en som smelter avantgardeimpulser fra forrige århundre sammen med moderne teknologi, og som antyder felt for det 21. århundrets poesi. Denne nye skrivingen nøyer seg ikke med å være bundet fast til boksiden, og morfer derfor fra den trykte siden til websiden, fra galleri-lokalet til forskningslabben, fra poesiopplesningens sosiale rom til bloggens sosiale rom.(…)

Goldsmith går straks vidare i det same artikkelavsnittet (artikkelen er omsett av Stian Kristensen) med meir praktisk forklåring – og fleire interessante verknader – på lager. Berre merk dette:

Det er den stadige forandringens poetikk, som feirer ustabilitet og usikkerhet. Og selv om utøverne ofte kommer fra disipliner utenfor litteraturen, rammes arbeidet inn av poesiens diskurs og økonomi: arbeidene blir motatt av, skrevet om, og studert av poesilesere. Frigjort fra kunstverdenens markedsbegrensinger, og fra data- og forskningsverdenens kommersielle begrensinger, skaper poesiens ikkeøkonomi et fullstendig verdiløst rom der disse verdiløse verkene kan blomstre.(Sitat slutt)

Drangedal Bortforklaring

Det er mange slags revyar – . Eg kjenner ein type revy som vi kunne kalle poetisk revy. Og det er Drangedal Bortforklaring, ja; eg tenkjer på dei. Igjen går deira revy i byen Kragerø, eg trur det er 22 framsyningar denne gongen. Sommarkabaret til dels.

Vi har billettar til måndag førstkommande. Etter omtalen i avisene skal revyen i år vere betre enn nokon sinne og meire lokal og meire politisk enn dei siste åra. Men dette skal vi da undersøke sjølve på måndag – . Og det kjem vel ein rapport om evenementet.

Ps tirs 17/7:

Det blir sagt at det er mest lokalfolket som ser Drangedal Bortforklaring. I mindre grad strøymer turistane til revyen. Forklåringa skal vere lokale hint og figurarar. Men iallfall likte eg t.d den nye revy-visa om danskane svært godt, og her hadde ikkje Kragerøfolk noka føremon. Revyen er filosofisk når det gjeld temaet “velvere” (og spa). Revyen var satirisk. Det er ein musikkrevy med to musikarar og berre lite omkledning og forflytting på scena. Det er mest derfor eg kallar revyforma poetisk. Orda, munnbruken og musikken er det avgjerande. Svært få greier dette så godt som desse to – . (Eg saknar Povel Ramel , som no nyleg – i juni – er avliden i høg alder.)

PS 25/8-09

Her er tekst og lenke  til den siste av Drangedal Bortforklaring sine show.

Bendik Wold og syndromet

Gir norske «førande» poetar avkall på heile forstanden? Bokredaktør i Klassekampen Bendik Wold har produsert ein artikkel i Vinduet, der han forklårer og siterer alarmerande trekk hos norske «førande» poetar. Dei gir avkall på forstanden. Dette gjeld særleg Tone Hødnebø, Morten Øen, Steinar Opstad og Gunnar Wærness, i følgje Bendik Wold, og han vartar opp med konkrete døme på fråsegner mot forstanden og nokre få diktdøme som demonstrerer den erstattande religiøse løysinga. 

Og eit nokså liknande problem skal gjelde for Monica Aasprong, Ingrid Storholmen, Marte Huke og Vemund Solheim Ådland, i følgje Wold. 

Wold opererer med eit religionsubstituttsyndrom (mitt ord). Og her er den lærde og opphavlege artikkelen i Vinduet , som er blitt følgd opp med reportasje og innredigert debatt i Klassekampen, torsdag, fredag og i dag. I det svingande året 1980 leverte Jan Erik Vold med pamfletten Det norske syndromet ei breiside mot det han kalte poetane sin hang til «følsomme, bristeferdige, patetiske vers fremsagt i et ekstatisk toneleie i besvergelsens tegn». Bendik Wold følgjer på ein måte i Jan Erik Volds fotspor.

Gjennom den nemnde artikkelen for Vinduet har Bendik Wold samla opp så mykje frustrasjon frå dei siste diktåra at han for sin del gløymer å trekkje fram lyrikk han kan seie er på rett veg, iallfall gløymde han det i byrjinga av debatten.

Bendik Wold kritiserer eit dikt som Nrk utropte til det beste diktet i 2006, nemleg  Kjære bønn av Gunnar Wærness .


Ps 12/6:
Bendik Wold kjem inn i mitt lyriske interessefelt: Ingrid Storholmens Skamtalen Graceland skreiv eg om våren 2005. Marte Hukes andrebok Se sol og Vemund Solheim Ådlands andrebok Profylaktisk skjønnhetskreiv eg om i samleartikkelen Konkret i Poesi? i januar 2005. 

På den andre sida, på den andre kanten av ny norsk poesi, har eg også skrivi fleire plasserande artiklar om dei aller nyaste muntlege dikta frå t.d.  Geir Gulliksen og frå  Nils-Øyvind Haagensen. Ja, når det gjeld rett framme langdikt, skal eg leggje til debutanten  Ruth Lillegraven si gode samling Store stygge dikt.

Ps 18/6:
Det finst både støtte til Wold og ulike kritiske svar til Wold på nettet, t.d eit intervju med litteraturkritikaren Trond Haugen . Her er ei rekkje andre kommentarar i Klassekampenm.a frå Marte Huke .

100 år for Rolf Jacobsen

Den 8. mars er det 100 år sidan Rolf Jacobsen vart fødd, derfor eit jubileum for poeten. Hovudmarkeringa skal skje i Hamar, med ein tilknytta nordisk poesifestival og eit forskarseminar. På denne nettstaden finn du opplysningar ved å trykke på  Arrangementer .

Uavhengig av jubileringa på Hamar tilbyr Øyvind Rimbereid i essayet om topografiske dikt å lese Rolf Jacobsen og andre kjende norske poetar på ein ny måte (sitat s 139):

Men spørsmålet er også om ikke idealismens og romantikkens vilje til omtolkning av landskap har fått konsekvenser for landskapstenkningen i litteraturen helt fram til i dag. Påtakeleg er det i hvert fall at når naturen er motiv i norsk lyrisk modernisme, så er det først og fremst som avgrenset bilde den blir presentert: et statisk utsnitt med trær, berg, myr, telefonstolpe med en fugl, eller i byvariant: en bil på en motorvei nattetid, i regn. Det er den gjennomgående tendensen hos diktere som Jacobsen, Moren Vesaas, Hauge, Børli, Sverdrup, Torvund og Ulven.(…)

Dette sitatet er trukki ut av ei framstilling der Rimbereid har omtalt Aasmund O. Vinjes Ferdaminne, og han seier (sitat): «Her er det topografiske, historiske og folkloristiske stoffet forbeholdt prosaen. Diktene får i denne reiseskildringen funksjon mest som avbrekk og hvilepauser, som små idyller med balladetema eller nasjonalromantiske tema som dikteren kan synke ned i, for å restituere dikteren for nye vandringer og refleksjoner i prosa.(…)»

I staden for å skilje mellom tradisjon og modernsime, trekkjer Rimbereid opp motsetninga mellom førromantisk topografisk poesi og poesi med romantikken sitt utgangspunkt. Med dette synspunktet for auge les du Rolf Jacobsens tidlege bydikt; eller du høyrer Rolf Jacobsens to dikt Hyss og Antenner, gå til høgre på nettsida i innleiinga: «Lyttekroken». Eller blir det feil?

antikrigs-ikonet Per Kleiva

Biletkunstnaren Per Kleiva stiller no ut hos Nicoline i Kragerø. Han er kjend som kunstnar med ein enkel, effektiv stil, med færre fargar og element sett oppimot kvarandre i biletet, og gjerne med natur dramatisert mot «sivilisasjon» og politikk. Sjangeren hans er aller mest aktualisert grafikk, som ein kan rekne som ei demokratisk kunstform, fordi ho kan nå så mange ulike menneske, direkte frå veggen – . Vidgjete hos Per Kleiva er Vietnam-biletet, med rekkja av helikopter i ei grøn og blå setting , som blei laga under krigen. Tittel: Blad frå imperialistens Dagbok

På utstillinga i Kragerø møter ein nyare arbeid, med dei to fargane svart og kvit. Eg blei hyra til å vere med på å opne utstillinga 17/6