Lenker til 26 nye utgjevingar i 2011

Er det greit med eit oversyn? Her er ca 26 omtaler av nye diktbøker som kom – på norsk i 2011:

Februar-mai

Jon Øystein Flink: Roger

Lina Undrum Mariussen: Finne deg der inne og hente deg ut

Helge Torvund: Alabama

Rune Christiansen: Jeg har tenkt meg til de elyseiske sletter

Juni-juli

Vladimir Majakovskij: Mennesket

Pål Angelskår: I sommer skal jeg gifte meg med Cecilie

Torild Wardenær: Mens Higgsbosonet gnager

August-september

Gilles Dossou-Gouin: En fremmed I Hustadvika

Marina Tsetajeva: Milestolpar

Velimir Klebnikov: Tidens ingenkonge

Rebecca Kjelland: Leve gammaldansen!

Oktober

Helge Stangnes: Vintersang. Dessuten “Notbas”

Per Jonassen: alt som ikke finns

Monica Isakstuen: Alltid nyheter

Per Kristian Cani: Atlas

November

Asieh Amini: Kom ikke til mine drømmmer med gevær!

Anne Kleiva: Nokre versjonar av Anne

Arvid Torgeir Lie: Mot det ærlege lyset: ordspelarens skygge

Jon Hjørnevik: Flukta frå rekkehuset

Desember

Rawda Carita Eira: løp svartøre løp

Gro Dahle: Støvet, skyggen, hunden og jeg

Ove Røsbak: Sorgen dænse på ælven i mårråassol

Ingrid Storholmen: Til kjærlighetens pris

Januar

Arnt Birkedal: Sinus

Radovan Pavlovski, Makedonia: Sigøynarar

Øyvind Rimbereid: Jimmen

Ann Kavli: ut av juli

Ps 23/1-2012:


No har eg etterfylt dette oversynet med Marte Huke, Jan Erik Vold og Erlend O. Nødtvedt. Dessutan har eg kosta på nokre merknader til stoda på diktfronten. Dette nye oversynet finn du her .

Kjende poetar

År om anna kjem det omsetjingar til norsk av historisk viktig poesi og annan verdfull utanlandsk poesi. Her vil eg kort melde frå om tre ferske omsetjingar, som no skal vere tilgjengelege både i bokhandelen og i biblioteka:

Av Gaius Valerius Catullus: Eg elskar og hatar. Omsetjar er Torgeir Bygstad.

Av Charles Baudelaire: Det ondes blomster. Ny omsetjing til norsk, til bokmål, ved Kjell Nilsen. (Tidlegare har Haakon Dahlen og Bokvennen forlag gjort eit stort arbeid med å setje om Baudelaire sitt forfattarskap.)

Makedonske dikt: Fine spinn av draumar. Dei er omsette av Knut Ødegård og Yasminka Markovska.

Frå desse nye bøkene vel eg her eit dikt – Sigøynarar – av den makedonske forfattaren Radovan Pavlovski, som har eit stort namn i dei landa som tilhøyrde det tidlegare Jugoslavia.

SIGØYNARAR




Spreidde lik mørke regndropar
I den brennande heten
Finst inga kyrkje inga bøn
Eig ikkje land å slåst for
Dei smidde sverd for andre
Song ein einsam song for seg sjølve
Og dén blant dei som syng den vakraste songen
Vel dei til sin leiar

Stadig ein svevn

Nettstaden sitt nyttårsønske er å aksentuere mange dikt, spesielt dikt utgjevne i det siste – og elles andre aktuelle dikt. Derfor held eg fram med å presentere dikt frå dei nyaste samlingane utgjevne i dette landet. Diktet under er skrive av ein godt produktiv forfattar, som debuterte “med eit pang” i 1983 og har skrive rimeleg mange bøker for barn og ungdom, både dikt og prosa, i tillegg til vaksen-bøker.

Diktet her er eit sovedikt av dei samansette, henta frå nest siste “plass” i boka.

Eg søv over under




Eg søv over i Borghilds reddikbed.
Eg søv under Helenes kjeksskap.
Eg søv langsmed Turids klesvaskar.
Eg søv over i urtehagen
under Kristines baderomsglugg.


Eg duppar rundt Anne Birthes laksetrapp.
Eg duppar under Solveigs kuauge.


Eg blir einig med Lill og Kirsti,
kvar på sin kant,
om å duppa over under
begge. Då eg


vaknar
- gjennom stemmar, snø
og bydelar -
bortom Ninas stolte
gravhaugar, kostar fram
dei fødde namna henner
i parentes

Det er mykje som kan bli sagt effektivt indirekte, slik dikt kan. Er det ikkje? Og kva kan ein ikkje lage poesi av? Dette svevndiktet er poeten som vi har føre oss. Han har skrive det siste 6-ords diktet i spalta til Klassekampen (nyleg). Men kven er han? (Svar kjem om eit par dagar.)

Etter han: mjuke
pubhjørne, trygge
paraplytre.

Ps 4/1-2012:

Forfattaren er Arnt Birkedal, kan eg fortlje, debuten hans var boka Balladen om hålet i døra i 1983. Og diktboka i 2011, som da sove-diktet øvst blei lånt ifrå, har tittelen Sinus.

Kjærleik som tema

Dette blir den siste diktgjetteleiken før julehelga er inne. Kven har skrive det følgjande diktet frå i år?

Svaret kjem i ein artikkel på slutten av året. Eg kan seie så mykje som at boksidene i diktboka er delte mellom ei diktrøyst på vanleg monologisk vis og refererte utsnitt av ein samtale, slik det også er i boksida under.

Nå kan jeg høre elven
helt hit
Da kommer regnet snart på nytt
helt sikkert
Jeg venter
må kjenne dråpene av helt sikkert mot ansiktet
Sprut på meg sier jeg til deg den kvelden
i ansiktet mitt, kan du gjøre det helt sikkert




Når du blir igjen inne i meg, etterpå
og beveger deg slappere og stille
kan jeg kjenne at det beste finnes
der du dreier rundt
min lille langsomme klode
 Orfeus har et blikk
- Men hadde han det der nede
- Det er det jeg er sterkt i tvil om
- Han snudde seg og kikket   det var ved inngangen
da mistet han skyggen som fulgte han
- Jeg tror det er verre å miste for andre gang
å miste for andre gang måtte være verst for dem begge
- Helt sikkert

Ps 31/12-2011:

Førebels vil eg røpe at forfattaren er Ingrid Storholmen. Boka heiter Til kjærlighetens pris. Og her har ordet “pris” dobbel tyding. Vi er komne eit stykke inn i diktboka, diktet over er side 15.

Fremst i utgjevinga opplyser forfattaren: “Dialogen som løper parallelt med diktene, er en samtale som forfatteren deltok i etter en reise til Orfeushulen i Rodopefjellene på grensen mellom Bulgaria og Hellas i 2003. Samtalen ble tatt opp på bånd, transkribert og senere noe redigert.” 

Ei av dei største diktbøkene

Vi held fram vår vesle diktgjetteleik, der fasitsvaret kjem om eit par dagar. Den nye boka, som er innhaldsrik, og der dialekten er ein gjennomgangsmelodi, ho vel eg eit dikt i, nærmast på måfå. 

Kvifor ikkje bruke tittelparolen “Grip stunda” no før jul?

GRIP STUNDA




Kænskje er det glæa
je burde satse på?


Hu som flyg
ifrå meg
om je itte blir med?


Glæa krev itte mye
ænna hell at
je ser ía:


ei lita jinte på fire år
med vilje som kæn skjæra stål.

Vi har altså fått ein kommentar til Alf Prøysens vise “Romhjuls-drøm”, som alltid byrjar slik: “En skulle vøri fire år i romjulín”. Og dette er den visa der “saligheta er et bessmorfang” kjem plassert i vise-konklusjonen. Derimot “vilje som kæn skjæra stål” – det er noko anna.

I diktet GRIP STUNDA finn vi hos je-personen eit heilt anna og kanskje nytt tilhøve mellom ein vaksen og ein fire-åring.

Og ps 16/12-2011:

rets bok av Furnesingen – som debuterte alt som nitten år gammal – er ei ødsel bok for oss og har noko til alle. Grunnen til at alle kan finne noko er at poesien hans har ei sikker tilvising til røynda. Og det at den romslege boka er ujamn, tyder ikkje all verda. Forfattaren er elles ein dyktig kabaret-artist.

Fasit: Ein wikipedia-artikkel med kva forfattaren har drive det til .

Ein katastrofe kjem

“Også dette diktet er skrevet av ein røynd poet. Og kven er det? Diktboka er mørk og samanhengande. Diktet under er det andre diktet heile i boka, som er ny av året.

En katastrofe kommer inn i huset
uten å betille tid, uten å banke på.
Plutselig er den her
og tar all plass,
fortsetter å vokse,
sprenger dagen i biter, verden i filler,
maler veggene mørke,
spikrer opp kors.

Ps 14/12-2011:

Det er vel på tide å gje eit fasitsvar på spørsmålet over. Poeten som vi snakkar om, blir omtalt først i artikkelen som tar utgangspunkt i diktet “Jeg skjærer datteren min ut av selje”.

Estetikk og det gode

Her tar ein poet opp spørsmålet om estetikk i eit nyleg utgjeve dikt. Sjå på diktet “Estetikk”. Og kven er poeten? Svaret følgjer i helga.

Estetikk


Han Nils e notbas og bor i svingen,
og har ei meining om mangt og hint.
No e det stilsansen som e tingen;
ka som e stugt og ka som e fint.
Han bløs i barten til all belæring,
førr han e sikker, og vel så det:
En lasta båt og ei bantjukk kjerring,
Det e det finaste eg kan se!

Ps 10/12-2011:

Svaret på spørsmålet til diktet ligg i lenka her.

Jon Hjørneviks produktive vers

Hos Jon Hjørnevik skjer det mykje. Det produktive ved Hjørnevik er det sosiale, og det er noko som er i slekt med det sosiale, nemleg den lenge nedvurderinga – hos poetane – av vers med metriske lovar som tilhøyraren merkar. Det metriske har blitt fornekta og sendt under tvang til konfirmasjonen og barnerommet. 

La meg sitere eit kort dikt frå Jon Hjørnevis debut 2001: I ein sofa frå Korea – dikt i utsal:

Leveregel




Det var mor sitt prinsipp,
ho hevdar det no,
at slett ingen mann
kom i buksa på ho.


Men far smiler lurt,
i sanningas spegel,
eit unntak stadfestar
alltid ein regel.

Og berre for å ta det: Jon Hjørnevik går laus på vurderinga av det metriske for oss og innleier den lange kampen. For å kunne greie det bruker han humoren som standplass og skratten som våpen.

Likevel reindyrkar Hjørnevik ei enkel og effektiv ballade-form seinare i forfattarskapen sin. (Strofene i kvart dikt er mange, men godt hekta til kvarandre.) Eg har tatt føre meg forfattarskapen og spesielt den nye utgjevinga, som heiter  Flukta frå rekkehuset .

Poesien i 2011

Anna Kleiva har debutert med dikt på Oktober; og Poesiportalen hadde tidleg ein positiv omtale av boka: Nokre versjonar av Anna . Også eg har lese denne boka, samt eit dyktig intervju i tidsskriftet Syn og segn, som Anna Kleiva hadde med poet Eldrid Lunden. Eg merka meg dertil at Anna Kleiva deltok på Oslo poesifestival nyleg (ein festival som eg berre las om).

Poesiportalen har eg fast lenke til. Og eg håper at nettstaden også denne desember månad leverer sin poetiske kalender, nye dikt frå året (som går imot sin slutt). Dikta i 2011 er dikta, dei treng luft ved vengene. Håper eg ikkje blir skuffa i desember. Eg har ei bøn her til redaktøren av Poesiportalen. Ta med deg ein av vennene dine til å skaffe stoff til nettstaden, om du sjølv fekk for mykje å gjere eller tenkje på. I Poesiportalens sjette år.

Ps 22/11 om to artiklar

Nyleg la eg ut to eigne artiklar om nye diktrøyster på norsk med sterke internasjonale tema:

Alltid nyheter av Monica Isakstuen

Flamme Forlag følgjer opp ein estetikk frå norsk 1960-tal med fleire nye utgjevingar på det poetiske planet.

Og slik startar boka Alltid nyheter av Monica Isakstuen i kvit skrift på mørk botn:

18.8.2004 kl. 08:32
stemmen til Einar Lunde inne på naborommet


"... Så en kjapp oppdatering fra trafikken: det har gått et steinras
på E134 gjennom Røldal i Hordaland nå i dag morges. To bilister
på stedet skal ha sett tre enorme steinblokker løsne fra fjellsiden.
Det var en del trafikk i området, og politiet mener det bare er
flaks at ingen kom til skade..."

Dette utsnittet blir følgd opp på neste side (med vanleg tekstfarge) av følgjande korte diktliknande tekst:

(men det hindrer
ikke deg
fra å dø
uten engang
å ha vært 
i nærheten)

Deretter kjem det i boka eit langt dikt i fire avsnitt med ulike titlar. Og etterpå der igjen kjem ei ny melding i media, ei melding fleire år etter, også denne (og dei følgjande mediameldingane i boka) er i kvit skrift på heilt svart botn – for å utheve dei frå resten av boka.

I alt ni meldingar byggjer boka på, inkludert internasjonale nyhende (med vekt på det ulykksalige) som gjer inntrykk. Vel. På side 33 kjem f.eks denne meldinga (som hadde vore på FM 88,7), attgjeven slik i bokform:

23.11.2009 kl 07:30
kø på utsiden av Nordbytunnelen
slaps og dårlig sikt
FM 88,7


"...God morgen, klokken er nullsju tretti, her er morgen-
nyhetene: Ferske tall fra statistisk sentralbyrå viser at trafikk-
sikkerhetsarbeidet som har vært drevet i Norge de siste 40
årene, har hatt stor effekt. I 1970 ble 560 mennesker drept i 
trafikkulykker i Norge. I dag er tallet langt under halvparten, men
unge menn er fremdeles den gruppen som er mest utsatt..."

Dette utsnittet blir følgd opp på neste side av parentesen:

(unge menn
er fremdeles den gruppen som er mest utsatt
for det meste)

Og deretter kjem det 3-siders lange innstendige kanskje trivielle men openhjertige diktet “jeg har pizza til deg, den er fortsatt varm”. Det boka byggjer på, er altså utvilsame dokument og hendingar frå røynda bygd saman med diktstemma sitt gode ønske om å senke seg ned til almennt menneskelege og forståelege moderne røynsler. Boka er vel verdt å prøve seg på. 

Forfattaren har før skrive ein roman: Avstand. Det var i 2008.