Erling Indreeide skreiv Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader. Foto: Torunn Nilsen
Dette er ein bokkommentar – med etterfølgjande svar frå Indreiede. Først spør eg: Var det betre før? Kor går verda? Mange ting kan jamførast, vatnet i springen, isen ved polane, kvinnene sin klednad, læraren si røyst, OECD-rapportar og FN-rapportar, kor mange barn er feilernærte, har FNs UNICEF rett i at det går framover for barn, – det kommunistiske manifestet etc.
Vi var mange som møtte på Mono i vinter for å høyre og sjå storleikar i poesien som m.a Tomas Transtrømer, Arild Nyquist og Ellen Einan, men Einan blei forhindra av flyproblem frå Lofoten. Men det var fint å få møte Ellen Einan på ÆÅ-festivalen i april. Ikkje minst var det greitt å delta i den felles samtalen med henne som Gunnar Wærness dirigerte i Nordenfjeldske kunstindustrimuseum 18/4.
er tittelen på Ingrid Storholmen si bok frå i vår. Eg såg ei dramatisering av delar av boka på Æ Å litteraturfestival no på laurdag. Frå før har Ingrid Storholmen gjevi ut diktsamlinga Krypskyttarloven, i 2001. No legg eg ut ei melding av Skamtalen graceland på denne nettstaden, dvs skriv om Ingrid Storholmen si nye litterære handsaming av «utburd»-problematikken. Eg vil komme inn på det religiøse ved kvitfargen, og den religiøse sida ved skamma, collage-teknikken frå 1960-åra, det djupt engleaktige ved Marilyn Monroe, melodramaet, kunstnarproblematikken og teikn til ei nystarta generasjonsmotseiing i norsk poesi, eg vil seie at Storholmen si bok er betre å lese enn eit trykt nytt norsk «drama», men at Peer Gynt jo er Henrik Ibsens beste dikt og samtidig eit skodespel i 5 akter («handlingar»).
Eg har hang til ein konkret poesi i motsetnad til bl.a påstandspoesi. Sjølvsagt er eg ikkje imot påstandar i poesien, men tilknytinga som innhaldet har, skal også vere konkret festa, dersom eg skal tru på innhaldet. Det konkrete i poesi har ei rekkje sider, og det har ikkje minst noko med sansane å gjere: Det visuelle, det lydlege og det språklege og det dokumentarbare, først og fremst dette vil eg bruke her, sjølv om det også finst andre sider ved det konkrete i språk.
Vi startar i Noreg midt i 1960-åra. (Men hovudeksemplet blir dansk.) Da Georg Johannesen i 1965 gav ut dikta «Ars Moriendi eller de syv dødsmåter» (kunsten å dø, eller kunsten dør, – tru?), var det brukt system og dei sju dødssyndene etter tur gjennom kvar si veke alle dei sju vekedagane med dikt etter dikt på tre ganger tre vers. Men ikkje det enklaste å lese for nokon lesar, heller ikkje i dag, meiner eg, med desse dikta sine tankesprang og mørke bilete. Men boka er for lengst utropt til den beste norske diktsamlinga i det førre århundret.
Nettstaden bruker informasjonskapslar (cookies) for å sikre at du gis den beste opplevinga på heimesiden. Dersom du fortsetjer å bruke denne nettstaden, antas det at du er nøgd med det.Okpersonvernerklæring