Metode for politisk roman

Armand V av Dag Solstad | © New Directions

Nettstaden har begynt på nytt år, liksom mangt anna har begynt på nytt år. Rundt denne tida plar ein kvar gong å oppsummere hendingar og tendensar i det som har vori. For meg er det fleire saker i fjor som eg kunne stoppe opp ved no og streke under. I fjor hadde eg ein mindre kommentar til usemja om Dag Solstads roman var ein politisk roman:

Hald fram å lesa Metode for politisk roman

Seksten kvadr.meter

Ingrid Zachariassen Aanestad på jobb

I ein av biografiane om Billie Holiday byrjar teksten drastisk, rett på det harde livet, og innleiingsorda endar opp med at lesaren enkelt kan rekne ut at Billies mor var 13 da ho fekk Billie. (Faren hennar var heller ikkje særleg gamal da Billie kom til, nøyaktig kor gamal han var, hugsar eg ikkje no, var det femten?) Romanen I dag er ein fin dag, av Ingrid Z. Aanestad byrjar slik, med første setning: 

Hald fram å lesa Seksten kvadr.meter

Dikt som teater

Dikt som teater finst. Eg har sjølv, som ein ikkje teater-mann, kommi til å skrive slike dikt og plassere dei nesten uforvarande i diktsamling – mellom heller typisk poetiske dikt. Men eg har også alltid lært å setje pris på samlingar av teaterdikt, slike som dei hos Vladimir Vysotskij – . Her skal eg ta utgangspunkt i diktdøme frå kabaretartisten – og multi-kunstnaren Elsa Kvamme. Teksten er lytta på (frå kassett) men dertil planka frå Kvamme si bok Ting som små piker liker (Cappelen, 1991):

Hald fram å lesa Dikt som teater

Karin Boye dukkar opp

Den svenske lyrikaren Karin Boye
FOTO: PRESSENS BILD

Karin Boye dukkar opp. Eg kjøpte Karin Boyes samla på Tanum, ja. Men la meg først ta noko av det tilsvarande for Arnulf Øverland. Han har avgjort nokre ”svisker”, t.d Du må ikke sove. Og sviskene er kjenneteikna av ein engasjert, meislande stil, som tiltok seg, heilt frå 1920-åra og gjennom 1930-åra.

Hald fram å lesa Karin Boye dukkar opp

Ruth Lillegraven og dei lengste dikta

Ruth Lillegraven. Foto henta frå forfatterforeningen.no

Får du lyst til å lese «Store stygge dikt»? Kanskje? Den kunstnarlege sjølvbiografiske estetikken held seg no eller aukar i styrke. Innafor poesien i Noreg finn han seg til rette i mange muntlege langdikt (t.d hos prisvinnaren av fjoråret, Geir Gulliksen). Innafor poesien har vi å gjere med opent sjølvbiografisk, og vi har å gjere med tilsynelatande opent sjølvbiografisk skriving.

Hald fram å lesa Ruth Lillegraven og dei lengste dikta

Geir Gulliksen med godversjonen av langdikt

Geir Gulliksen i god form
Foto: Britt Myhrvold

I Nrk vann Geir Gulliksen med det beste enkeltdiktet. Geir Gulliksen kom ut med dikta ”se på meg nå” no i haust. I det minste EIN avismeldar har sett stor kameratskap med Jan Erik Volds ”Mor Godhjertas glade versjon. Ja”. Alt dette gjorde meg nysgjerrig, og eg kunne ikkje sleppe den tanken, slik at eg gav meg sjølv nett Geir Gulliksens bok i førejulsgåve på tampen av førebuingane til jul. Og ho er lesen i porsjonar (i Bergen og Kragerø). Det følgjande kan vere eit bidrag på overtid til artikkelen min Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon. Ja?.

Hald fram å lesa Geir Gulliksen med godversjonen av langdikt

Kjennskap til Georg Johannesen

utgåve med to av GJs diktbøker

Forfattaren Georg Johannesen, som var fødd i 1931, døydde no 24/12 2005 i Egypt. Kort uttrykt var Georg Johannesen portalen til 1960-åra i norsk lyrikk og til norsk ny politisk venstreside. Han var ein stor analytikar. Den analytiske evna hans var både frykta og respektert.

(1) Georg Johannesen debuterte i 1957 med romanen Høst i mars om norske terroristar. To år etter kom Dikt.

Hald fram å lesa Kjennskap til Georg Johannesen

Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon?

lyrikar Nils-Øivind Haagensen. Foto: Heidi Furre

Stadig oftare blir dikt frå førti år tilbake trukki fram som forelegg for yngre norske poetar. Det nye litteratur-tidsskriftet Kuiper har bede meg skrive noko for dei om fenomenet. Dette har eg gjort. Og svaret mitt kjem også her, med fokus på bl.a boka med tittel Nils-Øivind Haagensen skriver (kom ut 2005):

Hald fram å lesa Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon?

heikki heikki igjen

heikki heikki – foto i 1973 – ntb

Rundt kaféen Paletten ved Lille Lungegårdsvatnet i Bergen fanst på slutten av 1960-talet eit ungt og ekspensivt litterært miljo. Alderen på deltakarane var tjue år pluss/minus. Dei hadde rask og stor framgang; for åtte av desse folka deltok i ein antologi som forlaget Pax gav ut i 1969 i den nystarta lyrikkserien sin – under tittelen åtte fra Bergen. Og få år etter hadde både Stig Holmås, Alf T. Larsen, Gerhard Stolz, Rolf Larsen, Arild Steen, heikki heikki og Ceceilie Løveid, sju av dei, debutert med eigne utgjevingar. 

Hald fram å lesa heikki heikki igjen

Den unemnelege Kyka

God nyvunnen romanform, Kyka, & bokomslag med kombinert fram- og bakside.

Former i kunsten og litteraturen kjem tilbake og igjen. Ei form kan dukke opp i roman og neste gong i lyrikk, kanskje mange år seinare. Karin Moe (f.1945) debuterte i 1980 og gjorde seg sterkt gjeldande på første del av 1980-talet, både i litteratur og samfunnsliv. Og eg, som var aktiv (og blei sett god pris på) nett i denne tidsperioden, melde eit par av bøkene hennar. Denne meldinga av Karins Moes roman Kyka sto 28. nov. 1984 i Klassekampen

Hald fram å lesa Den unemnelege Kyka