Annabelle Despard

Foto: Portal Forlag

“Våren er en gammel mann” er Annabelle Despard si nyaste diktbok. Den førre boka, “Ved helt riktig nymåne”, skreiv eg om på nettstaden her. På denne “plassen” skal eg få sitere eit av dei første dikta i “Våren er en gammel snekker”. Annebelle Despard skriv på sin eigen likeframme gode måte:

Mitt liv filtrert gjennom kroppen    
ytrer seg som melk 
blod og andre væsker

Sjelen er inntil videre knyttet til meg
kan hende å spore i mønsteret
bloddråpene hekler seg imellom
i renningen der sener møter vev
der muskel føyes inn
og ben laftes til ben

Huden har dårlig hukommelse
Gutter eller menn
er uklare i konturene
som lå de under vann
gamle kjærtegn kraftløse
som stråler fra en hyttedusj
Men stikk av lengsel sitter
og hvordan solen brant
den pinsen jeg ble værende i byen
for å vente på en telefon

Baudelaire

Eit typisk klassisk Parismotiv? Jo. Her henta frå Paris, 1950, photo by Mark Kauffman.

Det er ikkje alle omsetjingar og omdiktingar til norsk som er norsk, som blir norsk. Og det er synd. Charles Baudelaire skreiv boka Det ondes blomster (= norsk) første gong i 1857. Denne boka blei kanskje den mest vidgjetne diktboka i verdslitteraturen – etter bibelen. Vi opnar da diktversjonen som vi valde frå 2011, gjort på norsk av Kjell Nilsen, og les frå børjan i – franske – Les Fleurs du mal:

Hald fram å lesa Baudelaire

Ver rein, ikkje skiten! er kravet?

Kvinnekampen i Noreg hadde sin avantgarde som ikkje minst sørga for ei almenn røysterett i landet, for hundre år sidan var dette ein gigantisk siger. Ein avantgardisme tenkt for det breie folket, kunne ein leggje til. Merk: Alle er ikkje like, like er dei aldri, og få vil vel nekte for at kvinnekampen hadde sine sjølvstendige og særmerkte personlegdomar…

Føregangskvinner og -menn, kan ein seie. Korleis går det føre seg i kunst og litteratur og musikk med avantgarden?

Hald fram å lesa Ver rein, ikkje skiten! er kravet?

Lyset versus ordspelarar og medieskugge

Arvid Torgeir Lie. T.d. forside på: 39 fragment over ein harmonika(2001). Merk: Harmonika kan vere munnspel eller trekkspel.

Dette skal handle om tilrop til – dvs odar til – «den vesle mann og den vesle kvinne». Poeten Arvid Torgeir Lie har gjeve ut ny diktsamling, Mot det ærlege lyset: ordspelarens skygge. Arvid Torgeir Lie møtte eg alt i 1962 på Tokke ungdomsskole i fasen som ”studentlærar” (og eg var nitten). På den tida var det ein godt røynd prosaforfattar i lærar-personalet, det var Aslaug Høydal med sine ferske aktuelle romanar på samvitet, men i tillegg var vi heile 2 ungdomar som straks etter skulle bu seg på den skrivande livsoppgåva, det var Arvid og eg. Og eg var innom Tokke ungdomsskole berre for eitt år, medan Arvid Torgeir Lie, som var frå lokalkommunen (nærmare bestemt bygda Skafså), han tok ein liten strøjobb der i 1962, før han reiste til Oslo. 

Hald fram å lesa Lyset versus ordspelarar og medieskugge

Spørsmål frå redaksjonen til ein avantgardist

Avisfoto frå KV
  • [Om denne publiserte artikkelen: Frå starten av var teksten eit tinga innlegg som eg heldt på seminar om norsk avantgarde; eg svarte på spørsmålet frå Per Bäckstrøm om kvar eg fekk impulsar frå til diktboka mi BOK (1966). Innlegget mitt blei deretter trykt i det omfattande verket Norsk avantgarde, på Novus 2011. Verket er redigert av Per Bäckström og Bodil Børset. På nettstaden bruker eg det meste frå innlegget i Norsk avantgarde. HR]
Hald fram å lesa Spørsmål frå redaksjonen til ein avantgardist

Draumar og gevær

Journalist og poet Asieh Amini
Foto: New Secularism (e-magasin)

Dei første av asylsøkjarane som kom til Kragerø på slutten av 1980-talet, det var fem menn frå Teheran. Og tidleg kom jugoslavar/ Kosova-albanarar og chilenarar. Etter kvart som tiåra gjekk lokalt hos oss, så var det blitt representantar frå eit halvt hundre land som arriverte med usikre miner og blei tilknytta og knytta til mottak og norskopplæring.

Hald fram å lesa Draumar og gevær

Fisken sine planar

Kva er tankane til fisken? Hos Torbjørn Egner har dyra reint saklege tankar om dette å bli etne. Vi møter det i Hakkebakkeskogen og i Egner sin tidleg populære visekunst. Opninga på visa om Lofottorsken er prega også av menneska si nasjonsbyggjing:

En ekte Lofottorsk jeg er, 
for jeg er født i Henningsvær.
Fadderullan dei, fadderullan dei, 
fadderullan dullan dei

Den gang var jeg et torske-egg, 
nå er jeg voksen torsk med skjegg.
Fadderullan dei…….

Nå er jeg selv blitt torskefar, 
og hundre tusen barn jeg har.
Faderullan dei……

Da jeg var lite torskebarn,
jeg passet meg for krok og garn.
Fadderullan dei…….

Jeg gjemte meg for sild og sei,
for alle ville spise meg.
Faderullan dei……

Men nå er jeg blitt stor og slem,
nå er det meg som spiser dem.
Fadderullan dei….
Hald fram å lesa Fisken sine planar

Når tre grep er standard

Johnny Rotten med enkelt og aktiviserande?

Filmen «Sønner av Norge», som går på norske kinoar no, har handlinga lagt til 1978/79 og punkrockens utagerande tidbolk. Hovudfiguren i punkbandet Sex Pistols, Johnny Rotten (eig. namn er John Lydon), spelar faktisk ei lita men viktig rolle i filmen. Jens Lien er regissør for denne allsidige filmen, som gjorde det godt på Film-festivalen i Toronto for eit par år sidan og haustar fin mottaking i Noreg no.

Punk: Parolen «Gjer det sjølv» førte til mange nye kjellarband, som spelte i bomberom og aktiviserte. (Den norske gruppa Kjøtt blir nemnd i filmen.) Med pønken blir 3 gitargrep ofte idealet – saman med høg faktor av anarki. Dette kjem i kontrast til hippierørsla sin avanserte psykodeliske stil. Den eine hovudpersonen i filmen, familiefaren spela av Sven Nordin, har med seg livsstil frå hippierørsla. Men han snur 60 gradar for å kome tenåringssonen sin på 14 i møte.

Mange – i og for seg – viktige tema blir rørte ved i denne filmen: Hippierørsla (som sagt), nudisme, arkitektur, kulturradikalisme, orgon-skap og Wilhelm Reichs psykoanalyse, punkrørsla; og alt dette satirisk handsama, men likefullt med respekt. Dette gjeld ikkje minst det destruktive og sjølvdestruktive ved punkrocken. I punken var «søppel» eit nøkkelord, jfr Johnny Rotten. Heiderskronte emblem som nasjonalsong og flagg blir tematiserte. Og her kjem den gamle nasjonalsongen «Sønner av Norge» inn. 

Manusforfattaren Nikolaj Frobenius har laga ei sterk forteljing som bind alt saman: både tema i tida, men også levande liv, historisk brodd og skarpe problemstillingar. Nikolaj Frobenius (født 1965) har skrive manuset besert på sin eigen roman frå 2004: Teori og praksis. Også Frobenius vaks opp på Rykkin, dit handlinga i filmen er lagt.

På denne nettstaden vil eg tilrå filmen «Sønner av Norge» på det sterkaste og samtidig følgje tråden med «tre grep» vidare.

Omtrent samstundes med hendingane i Frobenius sitt Rykkin fekk Torstein Finnbakk gjeve ut det illustrerte diktheftet Når star kan jage måge på forlaget Oktober (1978). Dette heftet vekte ein kvalitetsdebatt på 40 innlegg i avisa Klassekamepen. Hos Finnbakk (psev. ToFi) var det nok brukt «tre grep» enkelte stader i den politiske kampen mot imperialismen. Så noko i dette diktheftet er ulikt og noko er likt punken. Det er konklusjonen min.

Først vil eg sitere ein av dei tre tekstane i diktheftet som har eit blues-tema. Blues bruker tre gitargrep. Illustrasjonsfiguren er teikna langhåra (dvs moteriktig) akkurat som den 14-årige hovudpersonen i den nye norske filmen, før han klipper håret og går inn i bandet sitt.

I denne bluesen er det folk som gjer jobben, men skildringa av jobben er ikkje entusiastisk, nærmast som ein skolestil i innhaldet.

Hverdagsblues for trøtt skoleelev

Strekker meg om mårran, det blir en jævlig dag.
Spiser egg og bacon, jeg er’ke heilt i slag.

Bøkene i veska, så tar jeg vegen fatt,
nå i mårragryen, det er så bleikt og matt.

Første time kommer, så sakte som den går.
Jeg må ta meg sammen, det er så vidt jeg står.

Den som ikke jobber, skal ikke ete no’.
Det er sikkert riktig, å ja, jeg veit det jo.

Etter etepausen skal vi en prøve ha.
Jukser litt med lapper, så går det sikkert bra.

Høgtaleren spraker ei melding eller to.
Blir elevrådsmøte, - hva gjør de der, mon tro?

Klokka to omsider, da er det heim igjen.
Hekse i seg middag, og knapt fordøye den.

Sitter pal med lekser, til klokka seks og sju.
Da er dagen omme, hvor lenge sitter du?

Sia ut og lufte og prate med en venn,
Krangle litt om plater, tida kryper litt om senn.

Først å repetere i den forhatte bok,
Så i seng i tide, må skaffe hvile nok.

Og når klokka ringer, så er det på’n igjen.
Er jeg heilt aleine som har det slik, min venn?

Diktet legg på ein snedig måte opp til aksjonane mot lekseveldet i vår tid! Og ikkje berre opp til lekseveldet, men også aksjonane som nett er starta mot lekseveldet.

Elles i diktheftet kjem leilighetsdikt i ein straum. Dei rommar ofte politiske parolar i oppsettet (parolar meir eller mindre aktuelle i dag), men syner eit tilfeldig anarki i estetikken.

På den tida – og etter diskusjonen om Oktober si utgjeving av heftet – snudde også estetikken brått rundt Oktober-miljøet. Og straks i 1980 blei kravet samla hos poetane og den absolutte parolen fiksert for den tidlegare uttalt progressive lyrikken: Kvalitet (er det som gjeld frå no)! Arnljot Eggen og Johanna Schwarz som skreiv dyktige og politiske retta versmål rett føre dette bråe tidsskiftet, men kritiserte ToFi sin utgjevne aktualitetslyrikk i 1978, dei kom aldri nokonsinne tilbake med dikt i sine eigne utvikla versmål & formulerte fonetiske rimreglar. Den vakre versifikasjonen som dei drøymde om, kom aldri. 

Eg får leggje til at «Når star kan jage måse – » var hefte nr 6 i forlaget sin vellykka serie med Folkets kultur(som slutta med ToFi). Av dei andre hefta var: Per Sivle (dikt), Johanna Schwarz (dagsetlar), Solstad (om Pelle Erobreren) og Ericsson (dikt).


Edvard Hoem gjekk for den abstrakte og absolutte parolen. Her er artikkel om Edvard Hoems dikt gjennom 10 år. Skrive av meg i Klassekampen om dei ti åra Hoemdikt frå 1972 til 1982.

Er det rare best?

Den sovjetrussiske poeten Velimir Khlebnikov er komen ut på norsk.

Hos komponisten Beethoven bryt ein tyrkisk marsj brått rett inn i bygningskroppen i det opphøgde komplette symfoniske orkesterverket – .

Hos Beethoven bryt menneskerøysta skarpt inn i alt det riktige komplette instrumental-musikalske, og dette skjer på slutten av den siste (og niande) symfonien hans. På si tid var denne innblandinga spesielt ny og rar. Men Beethoven var på den tida ein godkjent kunstnar med ivrige tilhengjarskarar.

Hald fram å lesa Er det rare best?