
Barnebok utgitt på Oktober i 1983. Illustrert av Merete Nissen
Prosabok, derfor mindre omtale her.
I denne boka møter du Yngve, treogeithalvt, broren Hanse, elleve, mora, Tulla, først og fremst, men også faren, i Stavanger, mormor og morfar, farfar og farmor, Eva, åtteogeithalvt, og faren til Eva; Sigrid, tolv, Martin, kjærasten til Sigrid, hunden hennes, King, vaktmeister Bråten, Knutsen i kommunen, uføretrygda Barkåk, Jan Georg, fireogeithalvt, mora og faren til Jan Georg, katten deiras, Per og Rune-Morten, begge fire, læraren til Hanse, ungar i klassen til sigrid, og blokk D på Kalstad…
Boka er full av kapittel, kapittel på både 1, 2 og 3 sider. Det er eit arbeidarmiljø i boka, der kvardagen er livaktig, men der det ikkje skjer noka avgjerande endring med personane i løpet av handlinga i boka. Tidsramma er ein haust, og ramma er til dels bestemt av alderen til Yngve, tre år pluss… Kan dette kallast for ei form for sosialrealisme, altså ei sosialrealistisk barnebok, – og derfor noko det er mindre av i norsk litteratur? (Dette er skrive i 1983.)
Meir enn opptatt av personleg endring er boka opptatt av faser og vekst, fordi persongalleriet er ungt og i utvikling. Og slik som i det lange diktet Nr 13 av Rudolf Nilsen blir det ikkje retta nokon moralsk peikefinger imot dei mange personane. Men dei blir skildra; her skildra frå ein ung ståstad.