bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar

 
haugianarbøndene

Lærveskene og vasketøyet låg i bekken. Den eine veska etter den 
andre, og det var gått mange år. Eg hadde sett nok av vasshjul og 
klesvask i bekken

Huset var som ein konkylie; med erteblomar, ikkje skjøtta av 
nokon havrebonde, erteblomar, sette i opninga

Det høyrdest eit dårleg elektrisk piano; likevel tonar. Her låg bort-
lagde ting, ting som var gløymde, eit overskot til fellesskapen, i eit  
kyrkjerom for alle, opent ut, aldri låst. Ingen øydelegg dette

Pianisten stoppa opp. Det var som å skru av Norge Rundt, og eg 
kunne ikkje lenger vinke til programleiaren og til arkitekten ved 
vasshjulet

Lærveskene og tøyet låg i bekken, den eine veska etter den andre 
i sikksakk. Da såg eg pianisten stå rett bak meg, det var Elena frå 
Lørenskog, Elena Lasco, som kunne spele allting

Bak henne igjen - sto haugianarane på Tidemand si kostbare tavle 
og forklarte: Vi er verkelege, vi er bønder, mest alle her er bønder. 
Og vi lever nett slik som før. Eg såg på musklane deira og på djupe 
furer i kinna, at dei likna skiskyttarar, likna på militære 






Tyd draumane dine!