bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar

 
lokalt

Lokalt bestemmer vi sjølve. Vi vil ha vår næring
Grav ut
Vi må vere ja-menneske. 
Treet skuggar for utsikta
Grav ut
Knausar har vi nok av (sa Ibsen) 
Bukta er berre ei mudderbukt
Grav ut
Berget er så sleipt. Vi har sådd til plen      
Grav ut
Fortidsminne, fortidsminne. Alle fuglar på Jomfrulands
morene-strender, tjeld og terne, tusen gjestar






Ha naturtomt!