Sett frå innsida

og i Profilsk tilbakeblikk

Sophus Bugges hus til venstre. Niels Treschows hus til høgre. Blindern for meg. Eg song og spelte nede i kjellaren på Niels Treschows hus, og hadde teori i ellevte etasje. I første etasje hadde tidsskriftet Profil kontor ei tid. Foto: Ola Sæther

Ein ung og målmedviten redaksjon toga inn i Profillokala på Blindern i 1966. Dei var for ein del ferdig med utdanninga og hadde nye mål. Unge som ville ha noko å seie og alt var i gang med å gje ut bøker. Dei gjorde ikkje opprør mot sine eigne foreldre (om nokon skulle tru det), men det unge miljøet reagerte samla mot somme sure aviskritikarar som var litt eldre.

Hald fram å lesa Sett frå innsida

Tørkesommar

(men ikkje ørken)

Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix

Tørka har hatt mange fasar. Dette i artikkelen er mest om dei tidlege fasane, da eg observerte ein del ting midt i juli. Vel. I byrjinga vatna vi f.eks plena annankvar kveld etter gjeldande regel. Deretter forsvann likevel mesteparten av det grøne graset bortsett frå det grøne friske på skuggesida av huset. Dette graset greier seg og lever kanskje på doggen som fell om natta (og ikkje sola tar).

Hald fram å lesa Tørkesommar

Harrykongane

Kjære nære lesar,

Eg lovte deg usminka rapport om ekte harrytur. Men med pc-maskina mi fekk eg dessverre tekniske vanskar, og eg budde meg på å skrive til deg med penn, rett og slett; men så var da iallfall epost-fila mi i stand, slik at eg forsto at eg kunne sende fiktivt eit brev til meg sjølv og ta utskrift frå fila “sendt” og leggje i konvolutt på post-i-butikk til deg (som aldri bruker epost).

Foto: Telemarksavisa i mars dette året.
Hald fram å lesa Harrykongane

Mindre sykling før snøen?

“Syklar til jobb” er tittelen. 
Foto: Morgenbladet

Det går mot den mørke tida. Vi sat og diskuterte, eit par kompisar og eg. For ein gongs skyld var emnet dikt, eit emne som eg no har følgd i mange tiår, medan dei andre to, etter kvart i livet, har konsentrert seg meir om romanfronten. Så kom vi, på grunn av meg, inn på sykkeldikt  generelt, eit tema som eg også har skrive om fleire gonger. Da synte det seg at oversikta mi over produserte sykkeldikt var langt mindre enn det eg trudde sjølv. For iallfall finst kjende utanlandske klassikarar enno i omløp syklande (når vi tyr til nettet): Jamfør franske Yves Montand på Youtube La bicyclette … Sykkeldikta er fleire enn eg trudde.

Hald fram å lesa Mindre sykling før snøen?

Den nye barnediktboka

Dikt for 9-åringar i Akershus? Ja, det opplevde vi fint. Og det skal Akerhus ha. Her er beretninga om tre poetar på turné og kva dei møtte av reaksjon frå publikum. Ført i penna av Helge Rykkja.

Dette er Terje Dragseth, poeten i konsentrasjon. Fotoet er lånt frå nettet, Forfatterforeningen.no
Dei tre neste fotoa i artikkelen er knipsa av Dragseth, medan vi alle, Anne Karin, Terje og eg, var på Ås bibliotek og jobba.

Som ein del av Litteraturfestivalen i Akershus drog vi tre – Anne Karin Fonneland, Terje Dragseth og Helge Rykkja – rundt i Akershus med den relativt nye barnediktboka Sølvbåt og stjernevind. Ho er stor, har mange interesse-vekkjande bilete, og ho har dikt av 18 forfattarar, til saman mange dikt… Biblioteka var arenaen for oss, ungane var for det meste elevar i 4. klasse, altså ni år gamle – . Ei av forsamlingane var berre 7-åringar.

Hald fram å lesa Den nye barnediktboka

Ver rein, ikkje skiten! er kravet?

Kvinnekampen i Noreg hadde sin avantgarde som ikkje minst sørga for ei almenn røysterett i landet, for hundre år sidan var dette ein gigantisk siger. Ein avantgardisme tenkt for det breie folket, kunne ein leggje til. Merk: Alle er ikkje like, like er dei aldri, og få vil vel nekte for at kvinnekampen hadde sine sjølvstendige og særmerkte personlegdomar…

Føregangskvinner og -menn, kan ein seie. Korleis går det føre seg i kunst og litteratur og musikk med avantgarden?

Hald fram å lesa Ver rein, ikkje skiten! er kravet?

Spørsmål frå redaksjonen til ein avantgardist

Avisfoto frå KV
  • [Om denne publiserte artikkelen: Frå starten av var teksten eit tinga innlegg som eg heldt på seminar om norsk avantgarde; eg svarte på spørsmålet frå Per Bäckstrøm om kvar eg fekk impulsar frå til diktboka mi BOK (1966). Innlegget mitt blei deretter trykt i det omfattande verket Norsk avantgarde, på Novus 2011. Verket er redigert av Per Bäckström og Bodil Børset. På nettstaden bruker eg det meste frå innlegget i Norsk avantgarde. HR]
Hald fram å lesa Spørsmål frå redaksjonen til ein avantgardist

Er det rare best?

Den sovjetrussiske poeten Velimir Khlebnikov er komen ut på norsk.

Hos komponisten Beethoven bryt ein tyrkisk marsj brått rett inn i bygningskroppen i det opphøgde monumentale  symfoniske orkesterverket – .

Hos Beethoven bryt menneskerøysta skarpt inn i alt det omfattande instrumental-musikalske, og dette skjer på slutten av den siste (og niande) symfonien hans. På si tid var denne innblandinga spesielt ny og rar. Men Beethoven var på den tida ein godkjent kunstnar med ivrige tilhengjarskarar.

Hald fram å lesa Er det rare best?

Avislesarane

Ny norsk bok med den russiske eksilpoeten Marina Tsvetajeva

Det er skrive eit dikt om avislesarane. Dette diktet blei skrive i 1935. Forfattaren var ein russisk poet, Marina Tsvetajeva. Korleis er diktet om avislesarane? Det er på 11 strofer og nett komme ut på norsk. Du kan lese det her, under. Forfattaren Jo Eggen har omsett til norsk.

Avislesarane



Ein underjordisk slange fraktar
folk i sitt system.
Og kvar og ein har si
avis (har sin eksem!)
Ein drøvtyggarrefleks,
ein nyheitskaries.
Dei tygg som mjukaste voks
avisa dei står og les.

Kven les? Ein ung? Ein gammal?
Ein atlet eller soldat?
Dei mistar ansikt, alder.
Som skjelett eller plakat,
kledd i avis frå panna
til navlen, står Paris.
La vere, jente, du vil få
eit barn som les avis.

Dei vog - «var saman med søstera» -
gar - «slo far i hel!»
Dei voggar seg fulle
på tomgodset servert.

Finst soloppgang og solnedgang
i slikt eit paradis?
For dei som sluker tomheit,
dei som les avis!

Avis - les: vonde glis,
avis - les skit til sals
Kvar spalte grisar til,
kvart avsnitt vekker hat...

Kva står de med på Dommedag
som vitne og bevis!
Grafsarar etter minutt,
de som les avis!

Han gikk! Blei bare borte!
Mora sin gamle sut.
Mødrer! Gutenberg-pressa
er verre enn Schwarz sitt krut!

Heller på kyrkjegarden
enn smitta av ein notis,
enn å klø den same skorpa
som dei som les avis!

Kven gravlegg sønene våre
før dei får levd eit liv?
Blodskamblandarane:
Dei som skriv avis!

Dette, men mye sterkare
enn i diktet mitt! -
tenker eg der eg står
med eit manuskript

foran dette ansiktet
tomt på alle vis! -
ikkje-ansiktet til 
redaktøren for avis-

skiten.

Les diktet også høgt, så vil du merke at forfattaren, Marina Tsvetajeva, har eit stort driv, og du vil setje pris på eit godt arbeid av omsetjaren, Jo Eggen. Dette diktet står som eit siste dikt i Eggens utval/utgjeving av Tsvetajevas dikt, Milestolpar (2011). 

Diktet Avislesarane er eit dikt om medier, og det minner meg om Prøysens mediedikt Visa hennes Staslin . Dei to dikta – Tsvetajeva versus Prøysen – har bl.a noko tilfeldig sams i oppbygginga; oppbygginga har bl.a nytta tiraderim som avslutning på strofene i dikta.

Tsvetajeva skreiv diktet sitt under eit eksil i Paris. Paris dukkar opp i diktet. Harde 4 år seinare var ho på plass i Sovjetunionen igjen, no rett føre verdskrigen kom i gang. Dette var enda ei vanskeleg tid for henne og familien, og det endte med sjølvmord for Marina i 1941, 49 år gammal.

Litt meir om Marina Tsvetajeva og litt om Jo Eggen

Estetisk: Marina Tsvetajeva var korkje med futuristane eller akmeistane (Anna Akhmatova), men ho respekterte futuristen Vladimir Majakovskij. Politisk: Marina Tsvetajeva var korkje med dei kvite eller dei raude (slik folk i familien hennar var), men manøvrerte.

Omsetjaren Jo Eggen har før sett om Osip Mandelstam og Anna Akhmatova frå russisk, samt barnedikt av Samueil Marsjak. Og Jo Eggen har forsynt boka på Marina Tsvetajeva sine dikt med ein entusiastisk introduksjon. Eggens siste eiga diktutgjeving er Stavkirkedikt . 

Ein framand i Hustadvika

Dikt av Gilles Dossou-Gouin. 
Foto: Norsk forfattersentrum

Gilles Dossou-Gouin har gjeve ut boka En fremmed i Hustadvika. Dossou-Gouin kjem frå Benin, eit vest-afrikansk land. Hustadvika utafor Romsdalen er kanskje noko av det meir norske som finst. Enda det svære området Hustadvika knapt fortener namnet sitt «vik». For med ordet «vik» tenkjer vi på noko roleg og skjermande. Hustadvika er mykje meir eit ope havstykke imot Atlanterhavet med lumske skjær innafor, slik at storm eller orkan kan få fullt spelerom og sende mindre båtar i ulykke. 

Hald fram å lesa Ein framand i Hustadvika