Dikt som pageturner

Pål Angelskår debuterer med dikt

Eg får ti bøker frå biblioteket i hendene. Til låns. Det er ti diktbøker som nyss er komne til biblioteket for registrering. Eg stokkar bøkene og mønstrar dei. Her er alt. Den mest morosame å sjå på, alt frå omslaget, er Pål Angelskårs bokdebut: I sommer skal jeg gifte meg med Cecilie. Men eg tenkjer på sosiale media når eg les, og eg tenkte samtidig på konkretistisk readynade når eg såg denne boka og blei glad.

Hald fram å lesa Dikt som pageturner

Ein filosofi frå det enkle

Flaumen. Foto Nrk: Jostein Aasen

Dette byrja som ein nytt-notis, men balla på seg til å bli lengre – . Eg tenkjer meg at veret har både utsving og balanse. For meg har balanse i livet noko å seie heile tida.

Sommaren i fjor var mislukka som sommar, og ikkje hadde vi særleg tid til å nyte han heller, med mykje flytteprosess og maling av rom medan fuglane song. Men vi fekk iallfall sjå korleis det gjekk sidan.

Så i år var vinteren særleg streng i høve til det normale for distriktet. Sjøisen låg ekstra lenge, og berre ferjene kunne bryte seg gjennom isen og lage eiga farbar råk. Men så deretter snur det om for oss her, med mange soldagar. Og i mai skjer alt både tidleg og fort.

No, medan eg skriv dette, er kirsebærtrea alt raudnande. Dei kvite og svære epleblomane snødde frå trea som aldri før, i midten av mai. Heggen var tidleg ute i mai månad med si sterke heggeduft langs vegar og opne plassar. Iallfall dei blålilla syrinene, som det er så mykje av her i Kragerø kommune, var ferdige og forbi alt i mai. I Kragerø blir det nok mykje rognebær også, etter kvart, tenkte eg når eg såg på rognebær-treet utanfor badet. 

Eg kjende meg i fullkomen balanse midt i juni.

Når vi har regn, så har iallfall Nord-Noreg varme – altså motsett ver. Når det regnar, så får iallfall bonden sitt, og vatnmagasina fyllest opp her austpå. Ja, flaumen kjem tilbake med store flaummål, slik som eg hugsar det frå 1995, då brua i Elverum heldt på å gå når eg vitja far min. Så er det iallfall eit stort utsving, som vi må finne oss i. Dette kan eg seie når flaumen i slutten av juni er på retur.

Den sommaren som ein alltid lever på og jamfører med, det er 1997, med tjue gradar her i sjøvatnet heilt til månaden oktober. Og vi har også hatt somrar her hos oss da det ikkje var råd å tenkje på å ta seg eit sjøbad for vaksne folk. Det vil seie ein sjøbadtemperatur på berre 15 – 16 gradar! Skikkelege utsving, iallfall for oss skikkeleg vaksne.

Likevel tenkjer eg vi er svinheldige. Det er bra for oss norske borgarar at vi har skilnad på sommar og vinter, at vi har utsving.

Dei gamle verteikna er utgåtte, seier somme, og det passar medan tida er for selskapeleg hageliv, og medan vi alle har dei lokale cumulusskyene over halve himmelen. Kva gudene gjer med oss, veit vi ikkje.

Balanse er kanskje eit aldersdomene? Det har eg tenkt mange gonger. Eg er ikkje sikker. Barneskorne trødde eg som skoleflink, eg var interessert i naturfag og maten i havet. Dette måtte eg ved vidaregåande skole balansere med kommunistiske sympatiar, som eg deretter omgjorde til evigvarande praksis i lokalpolitikk, det vil seie proletær lokalpolitikk. Som barn leika eg både med gutar og jenter for å finne balanse. Og eg datt ikkje ned når eg leika i tre, meir enn 1 stor gong.

Ein skoletime var læraren innom monsunregnet, og han kom med tittelen Og så kom regnet. Ein roman. Eg hadde bladd i vekebladet til mor, der det gjekk ein føljetong med Og så kom regnet, av Louis Bromfield. Læraren sperra opp auga da eg visste både tittel og forfattar. Tema var monsunregnet. Dette er ein stødig pålandsvind på sommarstid som får det til å regne dag etter dag og skape fårleg flaum i Yangze og andre asiatiske elvar vi høyrer om. Ved Yangtze var det ikkje snakk om balanse.

Forklåringa er at det sentrale asiatiske landmassivet får stor sommarleg luftoppvarming og oppover-straumar, noko som er årsak til at også fuktig luft frå havet kan gje frå seg utruleg massivt regn når lufta blir pressa opp av landet, fjella. Nedbør langt større enn når rekkja av verbølgjer over Atlanterhavet kjem innover Vestlandet.

Det gjekk (og går) ein verfront gjennom Trøndelag som skaper eit skilje i veret nordafor og sørafor, ein verfront som stadig flyttar seg noko, nesten dansar. Dette fører til skiftande skydekke i Inn-Trøndelag langs Trondheimsfjorden. Dette stadig skiftande gjekk inn i blodet på oss som vaks opp her, og det gav oss ein balanse fått inn med barneskje.

Kan eg nemne dette diktet om juli – Aldri – om det brått skiftande veret og prosessen med torever for eit barn? (Diktet står elles på side 16 i mi Draken i solbærbuskane frå 1982:)

Tirilltunge i djupblå julihimmel
skolaus
berrføtt og skolaus
På magen i graset
Lukt til tusen
Slik er du i eit sluk
Du er med meg, kjære vennen
Høg luft, sterke knausar
Skog som veks sikkert
Du kunne vori mora mi,
så mjuk at du ikkje knakk
Men like gamle er vi
foreldre for kvarandre
Den gule tirilltunga, julivarmt
midt i landet, trøndertung
Den kvite skya gjør ingen skade.

Så regna det, lava ned. Tora skrall.
Men kva gjør det om kleda blir blaute
når ein leikar seg i sommarvarmen
eller har eit snart krypinn?
Sola er heilt klar, ho har
ingen tvila på.
Tunge, mørke toreskyer trugar halve himmelen
Pytt, eg er så kisteglad, narrar ikkje meg.
Narrar aldri, aldri meg.
Ikkje ti tusen hagl imot.
Aldri – sjølv om hovudet er tungt,
lufta er lummer, oksen er laus 
og det er forbode å bade på stranda.

Da eg som nittenåring høyrde visa ”Toreveret” (L’orage) av Georges Brassens, da slo visa ned som eit lyn i meg. Visa er lang, men kan vere kort fortalt: Hovudpersonen (eg-personen) treffer og trøyster kona til ein lynavleiarfabrikant midt i det store toreveret, og det er november i Freankrike. Dei to forelska er saman, men etterkvart blir fabrikanten millionær på det store toreveret, slik at han flyttar, og tar med seg kona si, til ein plass (”le bel azur”) der det aldri regnar. Des pays imbéciles où jamais il ne pleut. Noko som etterlater hovudpersonen (eg-personen) ulykkeleg. 

Sjølve soga er enda litt meir fargerik og raffinert enn dette, og både Benjamin Franklin og Jupiter og mange ordspel er tenkt på. Men kort sagt no: Hovudpersonen er faktisk glad i toreveret. Parlez-moi de la pluie et non pas du beau temps, byrjar første strofe i visa før heile soga blir bretta ut. Eg kallar det utsving – toreveret.

Georges Brassens kan fortene ei lenke . Dette skreiv eg altså rett etter midten av juni 2011 (dvs. også om torever og tilhøve i juli).

Sjølvaste avantgardisten

Slik: Person med største estetiske ambisjonar møter dei største sosiale jordskjelva. Den russiske futuristen Vladimir Majakovskij i 1917 – han gjev ut det lange diktet Mennesket, altså før revolusjonen. Diktet er omsett til norsk av Audun J. Mørch og kjem i bok saman med langdiktet Om dette. No, i vår. Og diktet Mennesket har fått denne opptakten eller trommevirvelen:

Verdensprelatens, syndsforlaterens i solens håndflate hviler på mitt hode.
Denne frommeste blant klostermunker, nattens ornat hviler på mine skuldre.
Jeg kysser disse tusen sider: mine kjærlighetsdagers evangelium.


Med klingende smerter ber jeg om tilgivelse for min kjærlighet,
i min sjel
venter jeg
en annen prosesjon.
Jord, jeg hører dine ord:
"La din tjener fare i fred!"
I nattens ark, er jeg den nye Noah,
jeg venter i
kledt i en kjortelflom
kommer de i denne stund,
for å hente meg
og jordknuten kløver de
med stridsøkser av himmelrøde.
Den kommer!
Nå er den her
Den har foldet seg ut
og det er stråler overalt!
De skraper på døren.
En skrøpelig sang av dørhengsler
og stille toger de grå hverdaene inn
med sin skjellhud av travelhet og ståk.


Solen på ny.
Den kaller på flammende hærførere.
Himmelrødens trommehvilvler slår,
Og dit vil dere fare,
Bortenfor klodens møkk.
Sol!
Hva,
vil du glemme
din egen herold, bare? 

Poesi-kvalitet og politikk

Debutanten
Rune Berglund Steen
Foto: Antirasistisk senter

Kvar går den unge lyrikken? Det er litteraturfestivalane som vil kunne greie ut dette. ÆÅ-festivalen i Trondheim har iallfall tatt føre seg debutantane i 2009 og 2010 og vurdert kvaliteten på denne litteraturen. Det er snakk om 19 bøker av poesidebutantar, melder Dag og Tid (6/5-2011). Av desse 19 er 3 kvinner og 16 menn.

Den som uttaler seg frå festivalen til redaktør Svein Gjerdåker, er medlem av kunstnarleg råd i ÆÅ, Martin Ingebrigtsen. Han tykkjer heilskapen i debutantflokken er god, med mange varierte uttrykk. Og dette generelle vil også underteikna (på denne nettstaden) kunne slutte seg til. Eg har lese mange av poesi-debutantane og viser ved lenker i det eg skriv her til omtale av debutantar. Følgjande spissformulerte svar til avisa frå Martin Ingebretsen ønsker eg å kommentere (med atterhald for at avisa ikkje har mistydd representanten frå ÆÅ):

”Nokre skriv tilsynelatande sjølvutleverande. For tida gjeld det å utfordra grensene mellom det private og det personlege, at ein freistar å formidla seg sjølv. Du finn ingen tydelege politiske dikt. Eg ville vorte overraska om nokon debuterte med politiske dikt i dag.

Dette svaret undrar meg stort. Vi var i 2009: Poesidebutanten Hege Siri – som ÆÅ-festivalen roser for god kvalitet – hadde til dømes dette politiske diktet til forsvar for samisk tradisjon, gjennom å skildre poengtert eit tilsynelatande kaos, kanskje ein politikk:

 
mor joiker ikke
men hun lærer seg språket

min mors mor joiker ikke
men hun snakker språket

min far joiker ikke
men han snakker norsk

min fars far joiker ikke
han synger salmer

jeg joiker
men forstår ikke språket

min datter joiker
og snakker alle språk
 

Døm sjølv. Og eg har skrive om Hege Siri bl.a. her . Poesidebutanten Rune Berglund Steen tar konkret opp forklårte paragrafar i det europeiske Schengen-samarbeidet, via ei sterk kjærleikssoge mellom ei afrikansk kvinne og ein nordmann. Vi skriv 2009.

Diskusjonen varer ved omkring Schengen, Schengen-systemet som står som ein mur imot den store omverda utanom EU og EØS, men likevel har fri flyt både for kriminalitet (eit tema frå Senterpartiet no) og for sosialhjelp (eit tema frå Framstegspartiet no). Dette er politisk som noko. Rune Berglund Steen er dessutan ein kjend aktivtist utanfor poesien, levande opptatt av flyktningearbeid og antirasistisk arbeid..

Poesidebutanten Paal Bjelke Andersen gav ut Dugnad i 2010. Alt med rammeteksten i botnlina tematiserer Bjelke Andersen Afghanistankrigen, som er noko av det mest politiske som verda gjennom ei rekkje år fram til no, har hatt, og vil også bli det framover. Han integrerer spørsmålet om krigen i fleire av avdelingane i boka. Eg trur Martin Ingebretsen må ha oversett at Paal Bjelke Andersen er ein av debutantane.

Damene er som sagt tre, berre tre for heile årskulla i 2009 og 2010. Det er nemnde Hege Siri, det er Ingvill Solberg, og det er Victoria Durnak . Om desse tre, og om det tilhøvet at berre tre av dei nitten debutantane er kvinner, seier Martin Ingebrigtsen følgjande: 

”(…) Det verkar som det er vanskelegare for kvinner enn menn å verta utgjevne. Kvifor veit eg ikkje, for kvaliteten på dei tre kvinnene på lista er jamt over høgre enn kvaliteten på dei seksten mannlege debutantane.”

Det verkar slik også for meg. Og eg er heilt samd med festivalen i at kvaliteten på dei tre kvinnene sin poesi som smatt gjennom nålauget, er over gjennomsnittstandarden på poesidebutantane.

Konklusjon

Da er vi altså samde om to ting, nemleg om at heilskapen i debutantpoesien er god, og om at dei fåtallige kvinnelege poesidebutantane i 2009 og 2010 ligg høgt i landskapet…. Derimot er eg usamd med Martin Ingebretsen (ÆØ) i at dei politiske dikta er heilt fråverande hos poesidebutantane. Eg er svært usamd og skuffa.

Elyseiske sletter

På 1700-talet, da forfattarane var drevne i gresk mytologi som førelegg for ny dikting, gjorde Klopstock eit gjennombrot for tysk poesi. Eg tenkjer til dømes på det rimfrie diktet “Das Rosenband”, som Franz Schubert skreiv “lett” melodi til. Diktet skildrar nokså kort eit møte og ei gjensidig, likestilt forelsking mellom eit “eg” og ei “ho” utan tanke på stilling og stand. Dei siste linene er slike:

(...)

Sie sah mich an;

ihr Leben hing mit diesem Blick 

an meinem Leben,

und um uns ward Elysium.

Eg ser føre meg at augneblinken som Klopstock skildrar, er lys. Elysium er nettopp staden for dei utvalde lykkelege, i gresk tru, det vil seie gammal gresk mytologi. Eit sletteland skulle det vere.

Rune Christiansen har kalt si nye diktbok Jeg har tenkt meg til de elysiske sletter. Det dreier seg om dikt skrivne frå 2002 og til i år. Han referer både til faderleg proletært opphav og til internasjonale litterære førelegg, til mellom andre Pär Lagerkvist. At ein poet krinsar inn det lykkelege og ikkje det motsette, høyrer med til unntaka i dag og er såleis vel verd å prøve seg på for ein lesar.

Kanskje kunne eg best sitere (tittel)diktet, på side 16, her:  

ARBEIDERKLASSEN KOMMER TIL PARADIS

1 Det er 1975, jeg er tolv år, jeg reiser med tog, jeg har
tenkt meg til de elyseiske sletter, eller til Dalar.


2 ≈, som jeg har savnet å gi meg hen til varmen. Hvor
   er du fra? Spør en jente. Det er så lyst omkring deg.


3 Alt var i bevegelse til tross for at det ikke blåste.


4 Man sier freden kom, og den var ikke ventet. Hvordan 
    gikk det til?


5 Jeg sa aldri "pappa" etter at jeg fylte ti, heller ikke
   "far", jeg omtalte ham med navn, eller jeg henvendte
   meg direkte med et "du".


6 Hva gjenstår? Kun uklare bilder av slikt som hendte
   altfor fort.


7 "Lengselen" minner om "lenge sen".

Dette diktet bruker diktforma si evne til å korte, og det demonstrerer diktforma si evne til å fortelle indirekte. Men dikt har også ei god evne til å snakke rett ut. Eit prov på dette verdfulle er første glytt i sluttdelen av boka, side 105, med ein meir direkte – og nesten festleg – tale:

Et dikt røper ikke stort, eller det ter seg som noe avsindig


som gir seg i kast med et helt system. Det er sommer for


tredje dag på rad, ikke en villfaren sky på himmelen, ikke


en aldri så liten skjelving i trekronene. På en togbillett


noterer jeg: en uoppredd seng minner mest av alt om en


annen uoppredd seng, en nøkkel minner om en nøkkel,


men et dikt kan ligne hva som helst i en jakke og et par


sko slengt i gresset, et tog om natten, ensomhetens beskaf-
             
enhet. Verden er drabelig, politikken uomgjengelig, vi


dør uansett forgjeves

Ps 13. mai 2011:

Ja, føre denne diktsamlinga skreiv Rune Christiansen tre romanar. Og føre dette igjen skreiv han ulikt av prosa og dikt. På Wikipedia finst her rekkja av utgjevingar . Eg trur tittelen på diktsamlinga har noko med Kjell Aukrust sin populære figur å gjere, han som vil “til de andalusiske sletter”. Gløym heller ikkje Schillers tekst lånt til Beethovens populære niande symfoni, der det (i “An die Freude”) straks heiter “Tochter aus Elysium”. Dotter frå Elysium.

Ps: Eg har ikkje høyrt det enno, men P2-programmet Diktafon har Rune Christiansen på vitjing med den siste diktsamlinga hans, sjå opptak sendt 3/5 og/eller 30/4.

Ps 8. juli 2011:

Her er Ane Solberg Nydals melding i Vagant av Rune Christiansen si nye diktsamling.

Poesi og Alabama

I dag fyller Pete Seeger 92 år. Han er kjend for songar som “Where Have All the Flowers Gone” og “If I had a Hammer” og “We shall overcome”. Det er ikkje lenge sidan eg høyrde at han var aktiv.

*

Nettstaden Poesiportalen er ute med ei melding av Helge Torvunds nye diktbok Alabama?. Eirik Boye (som kallar seg poesibloggar) er entusiastisk.

Ps 23. mai:

No når eg sit med Alabama, får eg lyst til å sitere eit dikt som har ein ikkje for vanleg vinkel i litteraturen. For! Barn sine litterære arbeid om ein far, dette er ting som vi kjenner godt til. Men kva med ein mogen far sine tematiske vitjingar til eigne vaksne born? Helge Torvund gjer dette i boka Alabama?… Eg veit sjølv – om ikkje frå den skrivne litteraturen – at Torvund har mange døtre; likevel lener han seg godt tilbake i diktet BRÅTT FRAMME og slappar av: 

På lokaltoget til Egersund med ei av døtrene mine 
som skal vidare med Oslotoget til Tigerstaden
Lyset frå snøknausane utanfor blitsar forbi


Innelukka i fart og ei merkeleg stille 
for me fram langs strå og vatn med kvarandre
Eg tenker på all sut og otte ein har


for slike menneskeminiatyrar som småbarn er
Alt eg har passa på og tenkt og håpa og
sett for meg kunne koma mot oss frå framtida


Eg ser meg om i toget Ser på dei andre Vaksne Barn
Ein schæfer Lyset frå snøen og lampene i taket
Og brått slår det inn i meg med uventa kraft:


Alle liv er fullkomne kvar augneblink Kvart nå
Det finst ingenting å venta på

Når eg no, få månader etter, tenkjer på boka Alabama, kjem eg i hug at Helge Torvund brukte Twitter for å komme ut med dikta sine og også lykkast med det, ifølgje Klassekampen.

Solidaritet i litteratur

Lina Undrum Mariussen debuterer med dikt på Oktober. Boka har fått tittelen “Finne deg der inne og hente deg ut”. Og det dreier seg om forteljing rundt to søstre med ein viss avstand i alder, men plasserte saman i geografien. Temaet blir uvanleg og utfordrande solidaritet og kjærleik. Opningsdiktet presenterer kort (men allsidig litterært) oppvekst for søstrene:

Oppvokst ved elva
søstre med strøm i blodet
årer i hendene
båtens bredde i hoftene


to sundjenter som knyter opp knuter
klyver i båten
og skyver ifra


vi frakter hverandre over
med seige tak
krever ikke mynt under tunga
vi handler bare med levende

Sistestrofa av dette diktet har referanse til Osamannen, ferjemannen, hos Olav H Hauge. Men så – etter presentasjonen over – skjer det noko fatalt. Og denne delen av boka, som består av enkeltdikt, syner det avgjerande; slik som side 17:

hendene mine forstår noe
som jeg ennå ikke har forstått
de holder glasset mot munnen din
de gjør det ikke vanskelig
å mate et voksent menneske
de får det til å se enkelt ut
å holde andres gråt i hendene
de følger en oppskrift
jeg ikke kan huske å ha lært
hvordan kan jeg ha unngått å få med meg dette
som hendene har visst om bestandig


jeg legger hodet ditt fra meg og går ut
i hagen, der åpner jeg ansiktet alene

Også her er Olav H.Hauge inne som allusjon (tilvising): I det å alltid ha visst om noko. Sjangeren hos Mariussen er ein heilt annan sjanger enn kreft- og dødslitteraturen i dag. Sjangeren er ein heilt annan sjanger enn den unge morslitteraturen eller son-farlitteraturen. Dette hos Undrum Mariussen er ein grenselitteratur, ein sterk grenselitteratur for oss. Sjå til dømes første avsnitt av bokas del 2: 

Jeg er bygd med muskler og vilje
og fett, det er ingenting
spinkelt ved meg
jeg betrakter mine egne rumpeballer
i speilet, mine kraftige lår
så bombastisk kvinnelige
mot dine blå kalveaktige føtter
som jeg løfter opp og varmer i fanget, jeg bærer rundt på
de tyngste forestillinger, jeg bærer mat i små biter og håp i halsen
så er jeg ute i skogen, der
blir det helt stille i meg
så står jeg på en stubbe og roper: hva skal jeg gjøre
med alle skoa dine        og den grønne kåpa i skapet
hva skal jeg si til alle dem
som venter i oss

I dette diktet er det skildringa av det kvinnelege i kropp som får ein ny dimensjon, som det er forvitneleg å merke.

Det finst ein ny unggenerasjon av forfattarar representerte ved til dømes Lina Undrum Mariussen og Ingrid Z Aanestad (gjeve ut 2 romanar), dette er forfattarar som utfordrar ved eit relativt enkelt og forteljande språk og nye eller vesentlege og kompliserte tema rundt solidaritet og kjærleik. 

Ps 26/3-2012:

I går, under årsmøtet til Den norske Forfatterforening, fekk Lina Undrum Mariussen tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2011. Og forlaget hennar opplyste om at boka snart vil liggje føre i pocket-utgåve.

Tilhøve til publikum

dansk forfattar
Lars Skinnebach
foto: Gyldendal/presse

Jahn Thon har forska på moderne litteratur sine ulike fasar. I den klassiske boka tidsskriftets forståelsesformer (1995) er Thon inne på at fasen i litteraturtidsskriftet Profil den siste delen av 1967 med 1968/69 prøvde å utvikle kollektiv handling for eit prinsippielt nytt kunstnarleg tilhøve til publikum. Dette kjem føre meg når eg høyrer om følgjande arrangement på Deichmanske bibliotek under, som er del av ein serie arrangement. Her dreier det seg om noko så sjeldan i diktsamanheng som livsførsel (og dette har eg planka frå Forlaget Attåt):

Forlaget Attåt og Deichmanske bibliotek, Grünerløkka inviterer til
Folkebiblioteket #3

Onsdag 4. mai kl. 19.00 
Lars Skinnebach: opplesning, foredrag og samtale

* I Lars Skinnebachs nyeste prosjekt, Øvelser og rituelle tekster (After Hand 2011), forsøker han å bruke poesien og boka helt instrumentelt i politisk øyemed. Det får konsekvenser for både teksten, opplesningen og distribusjonen, blant annet må kjøperen undertegne en kontrakt om egen livsførsel de neste dagene.

“Jeg stiller mig selv spørgsmålet, hvad kunsten skal stille op, hvis verden nærmer sig en altomfattende katastrofe. Jeg opererer med et handlefelt på 5-10 år hvor det er nødvendigt at ændre adfærd radikalt i forhold til udledning af drivhusgasser, hvis ikke vi skal sætte de irreversible processer igang som vil medføre verdensomspændende katastrofer og muligvis fjerne betingelsen for liv på jorden. Indtil videre har spørgsmålet medført et helt nyt kunstsyn (for mig) som tager udgangspunkt i rituelle og shamanistiske udtryksformer.”

Lars Skinnebach (jfr Information og Wikipedia) er forfatter og musiker, bosatt på Fanø i Danmark. Han debuterte i 2000, og blant hans senere utgivelser er Enhver betydning er også en mislyd (Gyldendal 2009) og Kapitaland (2010), som kom i den nordiske serien [NOORD]; det var et samarbeid mellom danske Fingerprint, svenske OEI Editör og norske Gasspedal.

For dokumentasjon av Folkebiblioteket #1 og #2, se www.folkebiblioteket.com .
Gratis inngang. På grunn av skjenkereglene kreves påmelding per epost til cathrine.stroem@gmail.com
Velkommen!

Vi har lese i aviser at Paal Bjelke Andersen har kritisert tilhøve ved Litteraturhuset i Oslo og ønska å prøve andre kanalar til publikum. For min del har eg omtalt ei diktbok han gav ut på Flamme ForlagDugnad. Vi hugsar at forlaget han starta, Attåt, trykte (til Tidsskriftdagen 2008) oppatt i Profils nummer 3/4 1969, «De døde for friheten». Vigd samferdsel – .

Vidare opplyser Paal Bjelke Andersen, som kurator for arrangementa i Deichmanske på Grünerløkka:

I forbindelse med Folkebiblioteket # 2 ble det utgitt et blad i 200 eks. som er tilgjengelig på arrangementene, samt på bokhandlene Tronsmo og Audiatur. Ta kontakt for presseeksemplar.
Folkebiblioteket er en serie foredrag, opplesninger, bokproduksjon og samtaler som i løpet av de neste to årene vil forsøke å politisere den norske og nordiske poesidiskusjonen.

Folkebiblioteket finner sted på Deichmanske bibliotek på Grünerløkka hver første onsdag i måneden og er et samarbeid mellom Forlaget Attåt og biblioteket.

_____________________________
Spørsmål om Folkebiblioteket rettes til:
Paal Bjelke Andersen, mobil: 99 34 52 86 – epost: paalbjelke@gmail.com

Cathrine Strøm, arr.ansvarlig Deichmanske bibliotek, Grünerløkka
Telefon: 22 35 65 83 – epost: cathrine.strom@kul.oslo.kommune.no

Kenneth K. Langås, avd.leder Deichmanske bibliotek, Grünerløkka
Telefon: 22 71 55 59 – epost: kenneth.korstad@kul.oslo.kommune.no

Små-sporven

Og so – kvitt-kvitt, gomår’en! 
Foto: miljolare.no

Vakna her om dagen til tett fuglesong til og med ein regnversmorgon. Og da tenkte eg straks på ”Små-sporven gjeng i tunet” med Catarinus Ellings gamle heiderskronte melodi, som Deep River Boys fall for. Ja, Elvegutane og ”Små-sporven” ligg ute på nettet i opptak. Teksten er Arne Garborg sin (og ikkje Trysil-diktaren Einar Skjæraasen sin, slik YouTube feilaktig fortel).

Hald fram å lesa Små-sporven

Wenche Foss er død

FOTO: Aage Storløkken / SCANPIX

Den allsidige og kjære kunstnaren Weche Foss blei bisett frå ei fullsett Oslo Domkyrkje på statens kostnad. Dette skjedde måndag 4. april. Bisetjinga blei følgd av Nrk fjernsynet.

Hald fram å lesa Wenche Foss er død