Metode for politisk roman

Armand V av Dag Solstad | © New Directions

2006. Nettstaden har begynt på nytt år, liksom mangt anna har begynt på nytt år. Rundt denne tida plar ein kvar gong å summere opp hendingar og tendensar i det som har vori. For meg er det fleire saker i fjor som eg kunne stoppe opp ved no og streke under. I fjor hadde eg ein mindre kommentar til usemja om Dag Solstads roman var ein politisk roman:

Hald fram å lesa Metode for politisk roman

Dikt som teater

Dikt som teater finst. Eg har sjølv, som ein ikkje teater-mann, kommi til å skrive slike dikt og plassere dei nesten uforvarande i diktsamling – mellom heller typisk poetiske dikt. Men eg har også alltid lært å setje pris på samlingar av teaterdikt, slike som dei hos Vladimir Vysotskij – . Her skal eg ta utgangspunkt i diktdøme frå kabaretartisten – og multi-kunstnaren Elsa Kvamme. Teksten er lytta på (frå kassett) men dertil planka frå Kvamme si bok Ting som små piker liker (Cappelen, 1991):

Hald fram å lesa Dikt som teater

Jan Erik Vold og Jan Erik Vold

Jan Erik Vold. Foto: Riksteateret

Det blir ein varm sein september i 1999, delvis med flaumfåre. Eg ser ut på roleg oljeblankt vatn på Bærøy-fjorden ein augneblink. Såg Jan Erik Vold på skjermen gle seg over Georg Johannesens «gjenkomst» med Ars Vivendi – over ein 1959-forfattar som prega heile generasjonen, heile sekstitalet i Noreg, dei som var da og som er middelaldrande og sindige og blitt rekneskapspliktige nå. Jan Erik Vold sit ved sida av Johannesen. Jan Erik Vold beherskar og bruker moderne media. 

Hald fram å lesa Jan Erik Vold og Jan Erik Vold

Karin Boye dukkar opp

Den svenske lyrikaren Karin Boye
FOTO: PRESSENS BILD

Karin Boye dukkar opp. Eg kjøpte Karin Boyes samla på Tanum, ja. Men la meg først ta noko av det tilsvarande for Arnulf Øverland. Han har avgjort nokre ”svisker”, t.d Du må ikke sove. Og sviskene er kjenneteikna av ein engasjert, meislande stil, som tiltok seg, heilt frå 1920-åra og gjennom 1930-åra.

Hald fram å lesa Karin Boye dukkar opp

Vennskap i lyrikk?

Som ung i 1963 opplevde eg Halldis Moren Vesaas på eit kultur-arrangement. Det var på Rauland – nærmare bestemt. Seinare såg eg ein svart-kvit film, der Moren Vesaas las eigne dikt sitjande utan noko papir framføre seg. Ho las m.a det kjende diktet Ord over grind og kommenterte at mange har lesi diktet som eit kjærleiksdikt – .

Hald fram å lesa Vennskap i lyrikk?

Södergran og Södergran

Den svenske forfattaren Mara Lee
 Foto: Jonas Ekströmer

Den svenske forfattaren Mara Lee heldt eit todelt foredrag på Lillehammerfestivalen 2006, den eine delen var om Caroline Bergvall, den andre delen, som eg skal ta føre meg her, var essayistisk om forståinga av kjend klassisk litteratur, August Strindberg og Edith Södergran. Eg har møtt og sitert Mara Lee før. Her er Gunnar Wærnes sin presentasjon av henne frå ÆÅ-festivalen i fjor . Mara Lee var m.a seminarleiar der.

Hald fram å lesa Södergran og Södergran

Er dikt noko herk?

Poet, visediktar Helge Stangnes. 
Foto: Reiner Schaufler

Vi ser stadig nokon ta oppgjer med uforstand og «snobberi» og komme med nye forslag om diktet sin plass. Ein instans innan Norsk kulturråd (innan det rådet som løyver statleg støtte til litteraturen) har nyleg tenkt høgt og kritisk… Vel. Rimdikt-tradisjonar har nyleg blitt etterlyst som ein publikumsvennleg sjanger, iallfall av Knut Buen og bokmeldar Eirik Lodén. Midt på 1980-talet låg det i den aktive Karin Moe sin uttalte «postmodernisme» å oppvurdere og sidestille ulike sjangrar i kunst og kulturliv. Men slik ho gjorde det og lykkast med i prosaen sin, nådde ho ikkje heilt fram i lyrikken hos seg sjølv (eller hos andre poetar). La oss no undersøke rimdikt som ei mogleg farbar lyrikkfil tett ved sida av andre utfordrande diktsjangrar. Første atter-hald for meg og deg: Det er ikkje nok at det rimer og rytmen glir – .

Hald fram å lesa Er dikt noko herk?

Leiting etter arbeidarlitteratur

For kort tid sidan knelte den karakteristiske bukk-krana på Tangen Verft. Og etter meir sprengingsarbeid gjekk krana i bakken, slik at ein over store delar av byen kunne kjenne grunnen riste. Bukk-krana som har vori eit landemerke, blei bygd i 1966, altså for førti år sidan, på den tida da Tangen Verft konstruerte seksjonar til supertankarane på opptil 300 000 tonn. 

Hald fram å lesa Leiting etter arbeidarlitteratur

antikrigs-ikonet Per Kleiva

Biletkunstnaren Per Kleiva stiller no ut hos Nicoline i Kragerø. Han er kjend som kunstnar med ein enkel, effektiv stil, med færre fargar og element sett oppimot kvarandre i biletet, og gjerne med natur dramatisert mot «sivilisasjon» og politikk. Sjangeren hans er aller mest aktualisert grafikk, som ein kan rekne som ei demokratisk kunstform, fordi ho kan nå så mange ulike menneske, direkte frå veggen – . Vidgjete hos Per Kleiva er Vietnam-biletet, med rekkja av helikopter i ei grøn og blå setting , som blei laga under krigen. Tittel: Blad frå imperialistens Dagbok

På utstillinga i Kragerø møter ein nyare arbeid, med dei to fargane svart og kvit. Eg blei hyra til å vere med på å opne utstillinga 17/6

Ruth Lillegraven og dei lengste dikta

Ruth Lillegraven. Foto henta frå forfatterforeningen.no

Får du lyst til å lese «Store stygge dikt»? Kanskje? Den kunstnarlege sjølvbiografiske estetikken held seg no eller aukar i styrke. Innafor poesien i Noreg finn han seg til rette i mange muntlege langdikt (t.d hos prisvinnaren av fjoråret, Geir Gulliksen). Innafor poesien har vi å gjere med opent sjølvbiografisk, og vi har å gjere med tilsynelatande opent sjølvbiografisk skriving.

Hald fram å lesa Ruth Lillegraven og dei lengste dikta