Bak scenen

(…) Så la oss gi dem gleden til de skal gå ombord (…)
Foto: Aktuell / SCANPIX

Bisetjinga ho var i går… Og skodespelaren Wenche Foss er borte. Ho blei 93 år. Stein Mehrens diktsamling  I stillhetens hus (frå 2007) rommar dette diktportrettet av skodespelaren, kalt «Bak scenen»:

Hald fram å lesa Bak scenen

Retorikk for alle

Har finanskrisa fjerna all klår offentleg handsaming av økonomi og budsjettering?

Å følgje med i den nasjonale politikken dreier seg ofte om å oppfatte klassemodellar og kontrollere enkle reknestykke, til dømes når det gjeld sjukelønna og dei mange lause/raske påstandane i retorikken om å øydeleggje framtida. Ved budsjetthandsaminga lokalt i kommunestyret desember skreiv eg følgjande innlegg til avisa (og på bokmål ein hende gong, sidan talkunstar var blanda i):

Hald fram å lesa Retorikk for alle

Kva med Helge Stangnes?

Poeten Helge Stangnes
FOTO: BIRGER CASPERSEN

Kva med visepoeten og poeten Helge Stangnes? Poeten frå Troms, Senja. Artikkelen min under om Helge Stangnes har eg skrivi på oppdrag, – og står i tidsskriftet Kuiper (1-2 2007) med ein tydeleg redaksjonell merkelapp (sitat):

Hald fram å lesa Kva med Helge Stangnes?

Seksten kvadr.meter

Ingrid Zachariassen Aanestad på jobb

I ein av biografiane om Billie Holiday byrjar teksten drastisk, rett på det harde livet, og innleiingsorda endar opp med at lesaren enkelt kan rekne ut at Billies mor var 13 da ho fekk Billie. (Faren hennar var heller ikkje særleg gamal da Billie kom til, nøyaktig kor gamal han var, hugsar eg ikkje no, var det femten?) Romanen I dag er ein fin dag, av Ingrid Z. Aanestad byrjar slik, med første setning: 

Hald fram å lesa Seksten kvadr.meter

Geir Gulliksen med godversjonen av langdikt

Geir Gulliksen i god form
Foto: Britt Myhrvold

I Nrk vann Geir Gulliksen med det beste enkeltdiktet. Geir Gulliksen kom ut med dikta ”se på meg nå” no i haust. I det minste EIN avismeldar har sett stor kameratskap med Jan Erik Volds ”Mor Godhjertas glade versjon. Ja”. Alt dette gjorde meg nysgjerrig, og eg kunne ikkje sleppe den tanken, slik at eg gav meg sjølv nett Geir Gulliksens bok i førejulsgåve på tampen av førebuingane til jul. Og ho er lesen i porsjonar (i Bergen og Kragerø). Det følgjande kan vere eit bidrag på overtid til artikkelen min Gjenoppstått Mor Godhjertas glade versjon. Ja?.

Hald fram å lesa Geir Gulliksen med godversjonen av langdikt

Talskvinne for Tsjetsjenias gløymde offer

Lidija Jusopova fekk Rafto-prisen

Det var ein mørk kveld i november. Olav og Lydia hadde invitert meg til å sitje på med dei frå Kragerø til Gjerstad, til eit møte der med den tsjetsjenske vinnaren av Raftoprisen. Kva gjer Russland i Tsjetsjenia? Vel ute av Telemark, på det flate raske og rette E 18 gjennom Brokelandsheia passerte vi Lyngrillen og begynte å sjå etter Fiane skole, der møtet skulle vere, og vi var komne i god tid. 

Hald fram å lesa Talskvinne for Tsjetsjenias gløymde offer