Skuggar av glas

Korte måtar å skrive på finst. Og ein av måtane er japansk og har fått namnet: haiku. Haiku er ei diktform. La meg så ta eit døme på denne korte forma, eit kortdikt, på berre tre liner, men likevel med innebygd opnande sprang. Sjå her:

Pustar inn i deg
perlefarga syrinduft
bodberarens song

Nett slik byrjar Sigurd Helseth boka si år. Tittelen er “Skuggar av glas”. I dette førstediktet – som har i seg aning av naturen – så vil du ved å telje opp komme til 5 stavingar i første line, du vil finne 7 stavingar i andre line og igjen 5 stavingar i tredje line. Dette er det klassiske opplegget til ein haiku. Opplegg for å leggje rytmen i eit dikt. Opplegg for å få ein kontrast mellom linene 1 og 3 mot lina imellom. Det kan vere nytt for deg? Poeten Sigurd Helseth gav ut ei diktbok med haiku også førre gong (i 2016). “Kvit katt i snøen” var tittelen. Han skreiv den boka og må ha likt det. Alle haikuane i 2020-boka har 5 – 7 – 5 stavingar. Ser det ut for meg. Da overlet eg boka til deg.

Sigurd Helseth

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *