Den syttande

Den 17. mai 2020 blir noko for seg sjølv. Feiringa skil seg ut dette året. Fridomen er noko ekstra med 75 ÅR etter 1945. Samstundes kjem det for verda vår noko anna til. Det er blitt koronatider og smittevern. Eg siterer frå nettet det som gjeld smitte i år. For mai:

“Enkelt forklart blir det fra 7. mai lov til å samles opp mot 50 personer på et offentlig sted, så lenge man kan holde én meters avstand og en «ansvarlig arrangør» står bak”.

Litt meir utdjupa: “Både kinoer, restauranter, konferanselokaler, selskapslokaler og konsertlokaler regnes som offentlige steder. Dermed kan disse stedene gradvis åpnes opp igjen for grupper på opptil 50 personer – noe som får næringsminister Iselin Nybø (V) til å juble.” Ferdig med sitat så langt.

NTB scanpix

Eg lar dette biletet frå NTB vere symbolet på feiring med avstand.

Vel, Ivar Aasen hadde sans for nasjonen. Og Vestlandet fekk sin eigen nasjonalsong som blir sunge ofte på den kanten. Ved alle festlege høve. Særleg på småstadene. Første strofa er slik (og du kan songen vidare utan å bla i bok):

Mellom bakkar og berg utmed havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave 
og sett sjølv sine hus oppå deim.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *