Y-blokka

Oslo tingrett har gjeve klårsignal til riving av Y-blokka. Den som framleis ligg i regjeringskvartalet. Ho er sterkt truga. Motstanden mot riving er der framleis. Kva er Y-blokka? Blokka er ei stor, men heller låg bygning. Y-blokka er ei sjeldan arkitektonisk og kunstnarleg perle, som først og fremst skil seg klårt ut frå den stadig aukande trenden av høghus i hovudstaden vår, alle dei mange firkanta høghusa. Treng eg å seie meir? Etter planen skal rivinga starte i april. No skriv vi 11. april. Og elles er det for tida koronatid.

Endeveggen med kunst av Picasso
Foto: NTB SCANPIX

Det er Statsbygg som vil gjere rivinga. Kor sterkt står verning av kulturminne i landet vårt. Kulturminne må gjelde både ørsmå detaljar og omfangsrike skattar. Det har vi råd til å stå på for. Landet har alt i alt svært store areal å ta av til nybyggjing. Korfor rive ein kulturskatt?

Eit dikt til Y-blokka? Finst det? Det gjer det nok. Og kva med eit sitat av Pablo Picasso. I følgje nettstaden med det nokså lange namnet “Sitater. nyttiginfo.no” skal Picasso ha sagt (publisert av nettstaden 31.03.2017):

“Alle barn er kunstnere. Utfordringen er å klare å forbli det når man vokser opp.”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *