Elsa

Eg har noko dramatisk å berette i samband med «Elsa». Noko vi ikkje kan gløyme så lett. Sjøen steig heilt uvanleg. Vi fekk berga båten til Aud UT frå båthuset på Tåtøy. Det var ekstremt høgt vatn.

Vatnet (sjå foto) møtte oss alt før båthuset. Vatnet gjekk elles over vanleg høge gummistøvlar. Så vi prøvde å gå oppe på lecablokker i vatnet. Likevel blei den eine støvelen min brått fylt med kaldt sjøvatn. Eg visste ikkje at det var ein utett ny støvel.

Båten “svevde” nesten mot taket i båthuset sin 1. etasje, da vi ved fjære sjø skauv han sakte og forsiktig ut i friluft klokka 23.20 på søndagskvelden. Deretter køyrde vi til Auds hjelpande flytande bryggeplass i byen. Det heiter forresten Barthebrygga der. Til slutt på kvelden ved midnatt kunne vi leggje oss letta på Symra, der vi til vanleg har seng.

Hadde vi ikkje gjort det, nemleg flytta båten, kunne det gått gale. Da ville overstellet og kanskje også båtripa knusast mot det nemnde båthustaket når vatnet ville stige enda mykje meir mot floa som først var klokka 5 om morgonen. Tidleg. Så vi hadde ikkje noko val.

Ja, vi googla for å vere heilt sikre på dette: at det heile tida er vel 12 timar mellom flo og neste flo. D.v.s 12 timar og nokre minutt.

Nye springflorekordar er det dikt i Noreg? Noko som rimar eller ikkje rimar? Noko som har djupe botnar ELLER slett ikkje? Nei. Men springfloa blir nytt slags tema for oss – på grunn av at verda endrar seg for oss.

Dette som naturen gjer hos oss eller i nærmaste nabolag, verkar så stort at vi må etterforske det og prøve å skildre det. Med det same vi nemner dikt, vil eg også fortelje at avisa Klassekampen for tida har filosofert over korleis nye norske dikt, det vil seie forholdsvis nyleg utgjevne dikt, blir konstruerte. Tips: Er dei svært enkle desse dikta som skrivast? (Jo, eg har sett i dei nyaste diktbøkene. Eg får tak i dei gjennom folkebiblioteket.)

Bergens Tidende: Bryggen – med “Elsa”

Ps 16/2: Vi ventar det nye ekstremveret “Didrik” til Telemark, med fleire høge flodmål og alt som følgjer med av det. Eg sa “Didrik”. Andre har nemnd ekstremveret “Dennis”, som var i England men kom vidare. Og 17/2 (skriv eg): Lågtrykk og høge flodmål held fram i dag. Dette førte eksempelvis til svært stram fortøying på båtar som låg ved kai.

Det skjedde at lokalt politi som patruljerte ved bryggene, hjelpte på eige initiativ folk som jobba med å gjere fortøyingar lengre. Politi tok av seg støvlar og sto barbeinte i vinterkaldt sjøvatn. Eit politi å vere stolte av.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *