Mengdetrening?

Statens Hus i Hamar, Utstillingsplassen
Foto: upl.no

Hei Frank Eriksen. Du har gjort ein dyktig jobb for Rolf Jacobsen. Vi snakkar om ettermæle. Og du tykkjer at noko buttar imot for Rolf Jacobsens posisjon. For det stoppar opp like ved det fysiske ankeret i Hamar, det svære ikkje utnytta gule huset der, trass i dei mange tilbakevendande nordiske poesifestivalane i byen som knyttar seg mot namnet Rolf Jacobsen. Og eg tenkjer på kva eg skal svare på det, meir enn at det journalistiske arbeidet den store poeten dreiv med i lokalavisene mange år av livet sitt, er for lite tatt med av litteratane, trur eg. Dessverre. Eg meiner at dei tar feil der og skjønar ikkje at diktskriving på høgt nivå sikkert treng enorm trening i å bruke det norske skriftspråket på mange tema. Dvs mengdetrening. Naturleg å ta ei jamføring med gode Olav H. Hauge i lokalitetane hans vestpå. Han er blitt meir tatt på kornet han. Men eg trur det er fordi Hauge gjorde litt av jobben for litteratane ved å skrive fantastiske dagbøker (som korpset straks veit å setje pris på på grunn av openberr litterær verdi). Men hjartet mitt slår for Rolf Jacobsen, som tar på seg eit mindre litterært velsett grovarbeid (noko fleire poetar nok har måtta ta til takke med, til dømes Tor Obrestad, som gjekk bort no som eit viktig symbol for den historiske gruppa Profil).

Vi snakkar her om lokalt avisarbeid. Og om ettermælet til poeten Rolf Jacobsen. Det skal mykje til – same kva vi tenkjer på – å nå i symbolikk opp til dagbokføraren og fruktdyrkaren vår Hauge i Hardanger. Framleis?

Men det gir mengdetrening med lønn å vere i journalistjobb, det er det eg prøver å demonstrere ved eksemplet den internasjonale poeten Rolf Jacobsen.

Igjen Hamar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *