Offentleg brenne koranen? Nei, det er ulovleg.

Politidirektør Benedicte Bjørnland
Foto: Ole Berg-Rusten/NTB Scanpix

Er offentleg brenning av Koranen i pakt med ytringsfridomen? Nei. Og la oss sjå på det.

For ein gongs skuld har eg ikkje bilete av ein forfattar i ruta, men av ein politidirektør. Ho heiter Benedicte Bjørnland. Men det er likevel ytringar og ytringsfridom det dreier seg om. Sjølvsagt.

Ei bøn til ordensmakta i Noreg frå meg: Ny brenning av koranen på offentleg stad må de berre stoppe (stoppe slik som sist). Eg ber om dette, og eg er forresten ikkje kristen og heller ikkje muslim. Berre les aviser på nettet – og såg debatten der – har eg gjort. Las at spørsmålet om ekstra ekstra ytringsfridom kom inn i samband med organisasjonen SIAN. Det var dei som sto bak brenninga. Men: Det er skilnad på ytringsfridom og offentleg brenning, det meiner eg. Det siste er hat. Hat blir ramma av straffelova i dag – med god grunn. Straffelova vår.

(Noreg har heller ingen statsreligion lenger heldigvis. Men det er ei heilt anna sak.)

SIAN er forkorting for: Stopp Islamiseringa Av Noreg! Ikkje berre religion altså. Eg vil kalle det ei snikande rasistisk overdriving. Det er der det ligg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *