Høgtid og Hammerfest

Hammerfest. Foto: Wikipedia

Det er andre syslar for mange no når det går imot jul, med pynting og julekort og det å planleggje julemat. For oss som vil sysle med versliner, dukkar det – nesten av seg sjølv – opp rimord på slike sentrale ord som “oss” er. Til dømes blir dette

“Moss”, ofte brukt. Og “på tross” kan jo brukast. Men det gjeld å ikkje komme i nød vel? Når det gjeld fest: da er det annleis. Da har vi sentrale ord slike som dei tre her: gjest – mest – flest. Og vi har byen Hammerfest langt mot nord i landet. Da kom heile landet nærare? Eg vil stoppe litt der ved byen i nord. Sjølv drog eg ikkje så langt som Hammerfest. Fotoet av Hammerfest, som Wikipedia står for her, er eit flott panorama, tykkjer eg. Lyst og enormt,

både hav og himmel og mange hus for menneske på jobb. Du ser jo sjølv. Til og med snø på fjella bak. Alle elementa samla på eit einaste foto.

Ps 21/12 (den mørkaste dagen i året): Eg minnest at Helge Stangnes har skrive den visa som passar godt.

Vise ved Vintersolkverv

No sløkkes en dag som så vidt rakk å gråne
og vise fram landet ei skjømmingsblå stund
og gjømt attom fjellan i aust står en måne
som snart skal strø sølv over fjorda og sund.
I sør ligg ei strime av lys over tindan
der dagen blør ut før han slokne førr godt
og vi står igjen med oss sjøl og med minnan
i mørketidslyset der allting blir blått.

Så kom og vær nær meg – vær sol i desember
når midtvinterstanka tar rom i mitt sinn
førr året må føle sin kurs og kalender
og stian blir tungtrødd når lyset førsvinn.
Men hold meg i handa og lær meg å vente
på solkvervingstimen då allting skal snu.
I mørketidslyset e varme å hente
førr den som har mot tel å trosse og tru.

Ja, streif mine strenga og løys i meg tonen
tel landet som kvile ved midtvinterstid
la mørketids-tankan og haust-depresjonen
få vike førr strofe av blå poesi.
Vi leve med rest av en sommar i minne
i lengting mot daga vi ikkje har fått
men kjem du meg nær skal vi solvarmen finne
i mørketidslyset der allting blir blått.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *