Due og drone

Fått fortent god kritikk

Eg har lese denne romanen og den gode kritikken som Kjartan Fløgstad har fått for den. Eg er samd med kritikken. Iallfall ei bok full av engasjement, idear og diktarleg overskot. Det finst ikkje maken nokon stad, trur eg, i norsk bokheim. (Eg tenkjer på Hans Scherfigs skildring av krigen i Danmark, Frydenholm, som noko som kan jamførast i kvalitet.) Hos Fløgstad er til dømes krigen meisterleg plassert saman med skildring av folk og industrien på Sørvestlandet, og denne igjen saman med den sterkt strategiske Finnmarkssoga. Tidsspennet er stort i boka, og rommar dertil slekter. Fløgstad går dei klassiske ættesogene i norsk litteratur ein høg gang med tildelt nytt stoff frå samtida. Såpass har eg lese boka.

Eit par “praktiske” strofer tar eg ut, frå “BLANDAMASKINKOR” (side 454 i boka):

 (…)

 Her går det så det syng mot dørken
 Kjenner ikkje at det er eit slit
 Murarar i beit for mørtel
 Ropar ut på meire skit!
 
 
 Spikrar fast med stål og lemmer
 Og uhøvla forskalingsbord
 Vatrar av og ser det stemmer
 Med augnamål og loddesnor

 (…)


Som sagt kan ein finne mange bokmeldingar som går god for romanen og skryt av han. Og berre leite etter desse, kan du vel gjere. Nøl ikkje. 
 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *