Eit samlingspunkt

Halvdan Sivertsen (er frå Bodø). Foto: Haldde forlag

Halvdan Siverstsen heiter han. Ved alle høve vinn han fram. Ein leiar i nasjonen og eit sterkt samlingspunkt midt i Noreg. La meg vere høgtidsam ved dette høvet.

Repriseprogram kom på NRK TV laurdag 1. juni. Eit intervju med Sivertsen gjort av Tor Andersen i Bodø 2014. Men kombinert med songar. Dette skjer rett på sak utan å fortape seg i prat. Slik det må bli når ein har noko på hjartet. Det er med folk i salen, folk som vi høyrer. Eit slikt program lyttar ein på (og høyrer gjerne om att).

Eg sit her og les boka «Med sug i magen» frå 2016, boka som er Sivertsen-antologi med songpoesi, altså poesi i høg grad etter vår tids betre målestokk. Likevel: Dikt valde etter berre «litterære kriterium», både slik det til vanleg heiter seg og slik det også blir presisert ved denne utgjevinga. Iallfall kan eg hevde at det er samla saman ein poesi med stor verknad. Dette er vers som ofte er blitt svært kjende – og frå ende til annan går inn i folk! Er ikkje det litterær kvalitet? “Med sug i magen” er elles ein vakker trykksak. Nils Magne Knutsen har skrive eit føreord.

Vi må sitere Sivertsen for all del. Eg prøver først kanskje å lekse opp somme utvalde titlar av Halvdan Sivertsen. Det er titlar som eg veit seier deg noko:

  • «Hver gang vi møtes»
  • Kjærlighetsvisa (Ingen e så go som du)
  • Nordafør – vårvisa (Alt det du vet om e vintern som tappa dæ tom)
  • Sommerfuggel i vinterland
  • Førr ei dame
  • Kjerringøy (som er ei verkeleg øy)
  • Ti tusen tommeltotta
  • Mayday
  • Osb.

Sommerfuggel i vinterland. Hoi. Tittelen på denne teksten er så målande god. Og heile teksten kan for all del siterast. Her i si varsame attkjenning av nordnorsk dialekt:

Æ så dæ i går på gata, da byen lå kald og stor
Æ så du va ny i livet, æ så du va ny i nord
Og mora di bar en koffert, med alt det ho eide i
Og du gikk og bar på hennes drøm, om engang å få bli fri
Og du ga mæ et smil, Sommerfuggel i Vinterland
Ingen får ta fra dæ
Fargan du viste me
Å, må drømmen du bær bli sann
Sommerfuggel i Vinterland

Og mora di bær på minna, om alt det ho har forlatt
Ho vet ikke om ho ser igjen, han som de tok ei natt
Nu hold ho dæ fast i handa, så gjør ho dæ varm og go
Ho håpa du e velkommen hit, så såran engang ska gro

Og du ga mæ et smil
Sommerfuggel i Vinterland
Ingen får ta fra dæ
Fargan du viste me
Å, må drømmen du bær bli sann
Sommerfuggel i Vinterland

Æ håpe vi tar imot dæ, æ håpe du slepp å frys
Æ vet du kan gi oss farge, og latter og liv og lys
Æ så dæ i går på gata, da byen lå kald og stor
Æ så du va ny i livet, og æ så du va ny i nord 
Biletet på framsida av Halvdan Sivertsens Med sug i magen.
Eigen songpoesi, rett og slett poesi samla til bok.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *