Mindre sykling før snøen?

“Syklar til jobb” er tittelen. 
Foto: Morgenbladet

Det går mot den mørke tida. Vi sat og diskuterte, eit par kompisar og eg. For ein gongs skyld (mellom oss) var emnet dikt, eit emne som eg no har følgd i mange tiår, medan dei andre to, etter kvart i livet, har konsentrert seg meir om romanfronten. Så kom vi, på grunn av meg, inn på sykkeldikt  generelt, eit tema som eg også har skrive om fleire gonger. Da synte det seg at denne oversikta mi over produserte sykkeldikt var langt dårlegare enn det eg trudde sjølv. For iallfall finst kjende utanlandske klassikarar enno i omløp godt syklande (når vi tyr til nettet): Jamfør franske Yves Montand på Youtube La bicyclette … Sykkeldikta er faktisk fleire enn eg trudde.

Og ikkje å gløyme at stavangerske Gunnar Roalkvam har gjeve ut ei heil diktbok med sykkel i tittelen: “På sykkel mot stjernene”! (Denne forfattaren kjenner eg frå før, men slett ikkje nok.) Dette burde eg ha fanga opp når eg skreiv om sykkeldikt & Alf Prøysen & Nordahl Grieg med treffsikker skildring av sykkelen og kjærleik i fin natur. På nettet fann eg også dette ironiske eller ømme og truskyldige sykkeldiktet av Roaldkvam (på stavangersk) i ein blogg. Sykkeldikt synest gjerne truskyldige og det er heilt ok. 

Bønn for ein liden syklist



Må bremsene alltid virka,
og dynamoen gje lys te di lykt,
må skruene ver festa,
så du sykle framøve – trygt.

Må sedet ha gode fjøring,
bagasjebrettet romslige plass,
må dekkene aldri ponktera,
om du treffe på stifter og glass.

Må giren gli lett og villigt,
og ringå ha fine klang,
må du alltid ha gode medvind,
og loft fyllt av foglasang.

Må trenå ver lysegrønne,
og udsikten åben og vid,
må mildver, sol og blomster,
ver me deg i all di tid.

For å kunne vere meir rettferdig ved dette nye høvet (på nettet) må eg også nemne – til dømes – at forfattaren Einar Økland ofte har nemnd sykkel i forfattarskapen sin, seinast i diktboka Sykle i søvne (2015). Ferske sykkeldikt møter ein på som folk sine bloggprodukt… Men framleis finst det nok fleire velregistrerte soldikt eller båtdikt enn det finst dikt i bøker om sykkel.

* Teksten til “La bicyclette” på Youtube er av den franske avantgardisten, poeten og filmskaparen Jacques Prevért (1900 -1977). Trur eg iallfall. Ein stad på nettet såg eg likevel at teksten var ved Pierre Barouh (også han ein svært allsidig og framståande kunstnar).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *