I ei bok gjeve ut av Nordnorsk forfattarlag startar Kine Hellebust sine frodige og sanserike diktliner “RYTMISK STILLEBEN – Ode til tørrfesken”, på tre sider, slik:
Fesk ved fesk, fesk ved fesk, heng og heng og heng på hjell, heng fesk ved fesk, så tørr så tørr heng fesk ved fesk, på hjell ved hjell... Førr tørrfesk e ikkje den fesken som svøm, den her han e open i buken Open i buken med smak som ein drøm Smak som ein drøm i buken (...)
Boka, som har tittelen Noe som er inni noe, rommar fint juryerte jubileums-bidrag frå 17 nordnorske forfattarar. Tittelen er lånt frå eit dikt som innleier boka, Ingeborg Arvola si svært fengande og konkret utforma innbyding til livet og landet – .

Er fersk i trykken januar 2013, men dette er likevel 2. opplag (etter førsteopplaget i fjor), som eg no fekk i hende. Og dette opplaget fortel at det er god etterspørsel etter slik ei vakker og velredigert bok. Det finst dertil ei lydbok med alle bidraga lesne inn, dikt og prosa, alt lese av Sigmund Sæverud og Maryon Eilertsen og Guri Johnson og Bjørn Sundquist.
Den eldste forfattaren som er med, er Gunvor Stornes, fødd 1924. Det var samisk nasjonaldag i går. Eg siterer Gunvor Stornes sitt dikt JOIK under. Og her er elles lenke til gjendikta norsk versjon av den rommelege samiske nasjonalsongen .
eg vil joike deg joike vinden når den leiker i håret ditt eg vil joike glansen i auga dine og fjellgraset som bøyer seg under foten din eg vil joike deg
Ein tanke om “Sanserik nordnorsk bok”