På tampen av julehandelen, men likevel med fleire sjansar igjen, vil eg nemne tre heilt nye diktbøker som syner korleis vi er glade i landet vårt og korleis vi er knytta til lokalmiljøet vi kjem ifrå, og korleis dette skaper poesi. Kikk på desse:
- Ole Jacob Olsen si solide bok: Mi barndomselv, klokt og kunnskapsrikt om liv og natur, til dømes nokre fantastiske fugledikt i avdeling 1, eit om granmeisen ikkje minst.
- Mona Vetrhus si vare og direkte og dyktige folk-i-Uskedalen-skildring: Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld
- Thomas Marco Blatt si allsidige og dokumentariske (bygd på enkelte readymades) og likevel lette verk: 1920 Sørumsand.
Berre kikk på desse, noko å vurdere for innkjøp og gåve? Eg har nett fått låne dei tre diktbøkene og nokre andre diktbøker på lokal-biblioteket som eg frekventerer. Eg prøver det kort om bøkene, her.
Forlaget MARGbok, Forlaget Oktober og Kolon Forlag har alle gjort ein god jobb, og det har forfattarane gjort.
Ps:
Andre nye diktbøker blir omtalte via artikkelen . Og: God jul til både dikt og diktlesarar!