Ryktet går for Høghaug

Leif Høghaug, som eg kjenner frå undervisnings- og redaktørjobb, har skrive diktboka FAMA, som eg skal sitere frå her. Høghaug satsar ikkje på store ord, jamfør det latiske ordet fama som tyder rykte eller ryktet si gudinne, men heller på dei munnlege orda. Og glade skal vi vere for det. Forfattaren har fått positiv mottaking for dikta sine, til dømes frå Espen Grønlie i Morgenbladet . Og her er lokalt intervju med avisa Hadeland .

Boka har eit slagord. Kom kom la oss vekke gudene! er boka sitt slagord. Frå boka kunne ein til dømes vald side 74 og/eller 75, side 64-65 eller side 123. Her er mykje å ta av. Eg bestemte meg til slutt for det dårande diktet som startar på side 46:

NEDFALLSFRUKT




I


Og
Her: et ektepar jeg en gang avla en høflig visitt. Bosatt
nord for småbruket far min var god for. Sjølsagt
no sabla tull
alt sammen. Men
kom fram til at høflighet - å! høflighet! - be-
tydde plass ved bordet. Hø!
pottiter fra eget jorde, og fra Samvirkelaget sild,
saltere enn dugurdsmaten


hjemme! tenkte jeg
der jeg satt uten å si no. Øøø ...
med tanke på sånt jeg senere har prøvd å glemme:
underlig - jeg husker


detta. Her: jeg står bøyd over komfyren
og steiker egg til denna fyren som søvnig sitter der
ved sida av mi skjønne 
datter. Hvem han er, og åffer prater hu
om bacon, morr og fattigfolk som eter katter!

Framhaldet av diktet (dvs del II) kan du altså lese frå side 46.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *